Med staaltru paa smaabedriftene
STÅL: Karl-Inge Rekdal brenn for småbedriftene, vil forenkle kvardagen og meiner at mange har ei feil oppfatning av bedriftsleiarar.
Nytt

Med ståltru på småbedriftene

Han kjempar for å forenkle kvardagen for dei norske småbedriftene. Sjølv tek han no si eiga bedrift ut i Europa.

26.12.2018
- Ja, vi har fått avtale med ei stor tysk møbelkjede om leveransar på vår patenterte løysing for stolar.
- Dette kan verte stort, seier adm. dir. Karl-Inge Rekdal ved Sykkylven Stål.
Under Arendalsuka i august overleverte Rekdal NHO-rapporten om SMB-løftet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Feil oppfatning

Rekdal har leia det omfattande arbeidet på vegne av dei små- og mellomstore bedriftene i landet, eit arbeid som munna ut i ei lang rekkje tilrådingar for å gjere kvardagen for småbedriftsleiarar enklare.
Han er klar på kva som er det viktigaste med rapporten.
- Det er at folk flest, ikkje berre politikarar og beslutningstakarar, får opp augene for kor enormt viktige dei små- og mellomstore bedriftene er for vekst og utvikling i dette landet.
Han synst mange har ei feil oppfatning av bedriftsleiarar.
- Det vert ofte fokus på leiarar med store luksusyachtar, svære hus i utlandet og anna luksus. Men slik er ikkje kvardagen for dei fleste. Det er smått med luksus, men i staden beintøft arbeid frå morgon til kveld.

Vekk med skjemaveldet

No vil Rekdal at denne kvardagen skal verte lettare, mellom anna ved fjerning av tidtappande offentleg byråkrati.
- Ja, dette er viktig. Vi må bruke meir tid til å skape innovasjon og nye arbeidsplassar, i staden for å bruke så mykje tid på skjema og rapportering.
Seinare har Røe Isaksen tat Rekdal på ordet.

I tillegg til å leie arbeidet med SMB-løftet er Rekdal styreleiar i NHO Møre og Romsdal. I tillegg er han styremedlem i Norsk Industri og medlem i styringsgruppa for GCE Blue Maritime Cluster.
- Eg brenn for næringslivet, og har stor glede av å sjå at det vert vekst og utvikling rundtom.
- Ingen må tru at eg gjer dette utfrå økonomiske motiv, for dette er reint dugnadsarbeid.

Slaktar og selfangar

Rekdal er 68 år, og starta arbeidskarriæren som 17-åring på Vestlandske Salslag sitt slakteri på Voldsdalsberga i Ålesund.
Han vart utdanna slaktarmeister, men fekk også med seg tre sesongar på selfangst.
Han gjekk fort gradene i Gilde-systemet, var både hovedtillitsvalt og etter kvart arbeidsleiar, og enda opp som toppsjef både i Tine Nord-Norge og i Tine Vestlandsmeieriene.
Dei siste 14 åra har han derimot vore adm. dir ved Sykkylven Stål, etter at han kjøpte seg inn i eit konkursbu.
- Det har gått bra. No er vi 40 tilsette, og vi veks stadig.

Lettast å vere stor

Rekdal bur i Ålesund, og pendlar til Sykkylven. Han seier at det er ein stor skilnad å vere på toppen i eit milliardkonsern som Tine og det å leie Sykkylven Stål.
- Ja, kvardagen er eigentleg mykje enklare i dei store selskapa ettersom ein då har ein stor stab ein kan delegere arbeid til. I dei mindre selskapa må ein kunne løyse dei fleste oppgåver sjølv.
Han har tenkt å halde fram kampen for dei små- og mellomstore bedriftene.
- Ja, dette er viktig for meg, og eg gjer det med stor glede.
- 24.000 av NHO sine 25.000 medlemsbedrifter har under 100 tilsette. Samla har vi faktisk ei verdiskaping på 700 milliardar kroner i året, seier Rekdal.

Ein million nye arbeidsplassar

Han meiner at det er nettopp desse bedriftene som svært ofte er heilt avgjerande for at det bur folk i heile landet.
- Og det er er her den store veksten av nye arbeidsplassar vil kome.
- Vi treng ein million fleire arbeidsplassar før 2050 for å oppretthalde velferden, så det er ingen grunn til å slakke av på tempoet, seier Rekdal.
Det er smått med luksus, men i staden beintøft arbeid frå morgon til kveld

Publisert: 26.12.2018 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29