Meiner ferjefri E39 er gigantisk sloesing
FERJEFRITT: Prislappen for ferjefri E39 er no oppe i 350 milliardar kroner. Norges lastebileierforbund meiner prosjektet må stoppast.
Nytt

Meiner ferjefri E39 er gigantisk sløsing

Prislappen har auka kraftig og lastebileeigarane fryktar tunnelane.

27.02.2019
Direktør Geir A. Mo i Norsk lastebileigarforbund meiner no at ferjefri E39 ikkje bør byggjast.
- Det mest fornuftige vil vere å skrinleggje planane for ferjefri E39 og heller bruke midlane på andre prosjekt som gir betre utteljing både økonomisk og for trafikksikkerheita, seier Mo til .

Nominert til Sløseripris

Nettavisen kårar årleg i samarbeid med Skattebetalerforeningen og har i år nominert ferjefri E39 som ein av fire kandidatar.
Til Nettavisen opplyser Stortingets utredningskontor at prislappen no er oppe i 350 milliardar kroner for prosjektet der ferjer skal erstattast av undersjøiske tunnelar og bruer på den 110 mil lange strekninga mellom Kristiansand og Trondheim.
Berre fjordkryssingane er kostnadsrekna til over 200 miliardar kroner.

- Trafikkfarlege og miljøfiendtleg

Geir O. Mo seier til Nettavisen at lastebileigarane spesielt er imot dei undersjøiske tunnelane, og kallar dei både trafikkfarlege og miljøfiendtlege.
I staden for ferjefri E39 meiner han at strekningane E16 mellom Bergen og Gudvangen og E134 over Haukeli med arm til Bergen er to prosjekt som burde prioriterast.
Nettavisen opplyser at det alt er brukt 1,2 milliardar kroner i planlegginga av ferjefri E39.

Publisert: 27.02.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31