Miljøpris Tove Lise Torve Hanne Roaldsnes Anders Bjørnerem Henrik Stensønes Nordic Wildfish foto MR fylke 11
PRISUTDELING: Frå venstre fylkesordførar Tove-Lise Torve, reiar Hanne Roaldsnes, dagleg leiar Anders Bjørnerem og leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet Henrik Stensønes. foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Meiner fiskeriet har for strenge reglar

Valderøya-reiarsjef takka for pris ved å be politikarane om meir hjelp til å kutte utslepp.

Marius Rosbach
13.12.2022

Nordic Wildfish tok måndag i mot Miljøprisen 2022 frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prisen vart delt ut under møtet til fylkestinget og dagleg leiar Anders Bjørnerem nytta høvet til å kome med nokre utfordringar til politikarane.

Han understreka at dei gjerne ville vere med å kutte utslepp på sine tre havgåande trålarar. Men dei vil vere betre i stand til det, om dei fekk meir fleksible reglar, meiner han.

- Vi har rigide regelverk vi må etterleve i dag, som gjer at dette blir vanskeleg, sa Bjørnerem.

Meiner design, reiskap og regelverk er nøkkelen
Reiarsjefen fortalde korleis dei i dag må bruke same båten for å fiske reke i isgåande farvatn i nord, som dei nyttar til seifiske i Nordsjøen. Årsaka er at kvota følgjer båtane.

- Vi bør få bruke den båten som er best eigna, og ikke den kvota ligg på, sa Bjørnerem.

Meir fleksibilitet i val av reiskap og kravspesifikasjonar til fartøya, er ein plass å starte, meiner han.

- Nøkkelen for å få ned utsleppa i fiskerinæringa, ligg i design, regelverk og reiskap – mykje meir enn teknologi og drivstoff. Det er vanskeleg å få gehør for dette, la Valderøya-reiaren til.

Tekk hand om all søppel
Bjørnerem fortalde også korleis reiarlaget tek hand om alt søppel som kjem om bord, og jobbar for å gjere dei tilsette bevisst på korleis dei kan bidra til å redusere mengda som hamnar i havet.

Det har mellom anna ført til at dei tilsette allereie i mange år har rydda strender. Dei deltek også i Fishing for Litter -ordninga, som Bjørnerem ønska vidareført.

Mykje av avfallet fiskarane får om bord når dei er til havs, er garn som blir ståande og drive sokalla spøkelsesfiske.

Nordic Wildfish-sjefen meiner at knapt nokon matproduksjon kan konkurrere med villfanga fisk frå den norske flåten, når det gjeld CO2-avtrykk. Samtidig erkjente han at dei framleis hadde utfordringar.

- Men om vi gjer dette rett, kan vi vere sjølvberga som nasjon i all framtid, la han til.

Reiarlaget hadde ei omsetning på 488 millionar og eit resultat før skatt på 10,9 millionar i fjor. Selskapa Havstein Roald og Fausken eig reiarlaget, og desse er igjen eigd av høvesvis Jan Harald og Harald Roaldsnes - og Pål Arne Roaldsnes.

Delt ut årleg sidan 2009
Miljøprisen består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner.

Prisen er delt år årleg sidan 2009 og går til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket.

Tidlegare vinnarar :

  • 2021: Gomalandet SFO
  • 2020: Vartdal Plast AS
  • 2019: Ulrik Sandøy Sørensen
  • 2018: Sødahlhuset AS
  • 2017: Plastfritt Giske
  • 2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
  • 2015: Stranda Prolog AS
  • 2014: Naturvernforbundet
  • 2013: Standal knuseverk AS
  • 2012: Alv Ottar Folkestad
  • 2011: Norsøk
  • 2010: Olav Bye
  • 2009: Runde miljøsenter

Publisert: 13.12.2022 08:55

Sist oppdatert: 13.12.2022 10:46

Mer om