Lars Oscar Ovstegard Alfred Bjorlo foto privat
FEKK SVAR: Stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) frå Nordfjordeid stilte spørsmål om formuesskatten i Stortinget. Både han og Lars Oscar Øvstegård reagerer på svaret. Foto: Privat
Nytt

Meiner Stoltenberg bør ta ein tur til Ørsta

Finansministeren rikker seg ikkje om formuesskatten.

29.04.2025

(NPK-NTB-NETT.NO): Finansminister Jens Stoltenberg seier at regjeringa ikkje har planar om å fjerne formuesskatten, men dei er opne for forbetringar.

Det kjem fram i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå frå Alfred Bjørlo (V) i Stortinget.

– Eg er opptatt av at vi skal ha eit skattesystem der det blir lagt opp til at dei som har mest, bidrar mest. Derfor er formuesskatten viktig. Den omfordeler og skattlegg dei som sit på dei største verdiane, skriv finansministeren ifølgje Finansavisen

– Vi har ingen planar om å fjerne formuesskatten, men eg er open for å diskutere forbetringar, er Stoltenberg sin konklusjon. 

Bjørlo refsa i sitt spørsmål også finansdepartementet si haldning til søksmålet frå ørstingen Lars Oscar Øvstegård – som dei hevdar bør bli avvist grunna manglande rettsleg interesse.

Stoltenberg påpeiker at departementet ikkje har nekta søksmålet tilgang til søksmålet, men at det er høg terskel for å få slike saker prøvd for retten. 

Meiner Stoltenberg bør få korrigert verkelegheitsbilde
Øvstegård sjølv meiner svaret til finansministeren inneheld lite nytt og at Stoltenberg ta turen til Ørsta.

– Då skal finansministeren få sjå kva denne saka verkeleg handlar om. Og den handlar om små og mellomstore bedrifter, 99 prosent av næringslivet. Dette er ingen milliardærdebatt og det er openbert eit behov for å få korrigert Stoltenberg sitt verkelegheitsbilde, seier han til Nett No. 

Han er usamd med Stoltenberg i at «det er lite fagleg belegg for at formuesskatten svekkjer moglegheitene for at lønnsame investeringar blir gjorde». 

– Når finansministeren hevdar at skatten ikkje er skadeleg for norske investeringar, ja så er også dette svært fjernt frå den verkelege verda, legg han til. 

Gjentek invitasjon til skatteforlik
Stoltenberg antyda i svaret at dersom formuesskatten skal kuttast, må dei andre partia komme tilbake til bordet.

– Eit skatteforlik med fleire parti, der mellom anna endringar i formuesskatten kan vere eit av elementa, kan bidra til å skape føreseielegheit og stabilitet i skattesystemet for åra framover. Invitasjonen til ein skattekommisjon står framleis ved lag.

Svaret gjer Bjørlo svært skeptisk til invitasjonen.

– Det er jo ein rein vits å invitere til forlik når denne særskatten på norsk privat eigarskap tydelegvis er sjølve juvelen i Jens’ skattekrone, seier han til Finansavisen.

Publisert: 29.04.2025 09:42

Sist oppdatert: 29.04.2025 09:52

Mer om