Terje Bøe Spilka foto Spilka Industri
STØTTAR SØKSMÅL: Spilka-sjef Terje Bøe er mellom dei som har engasjert seg for å realisere eit søksmål mot den norske staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. Foto: Spilka Industri
Nytt

Støttar søksmål om formuesskatten

Eigarane av det tradisjonsrike Spilka-konsernet må betale millionbeløp av ordinære lønnsinntekter.

Marius Rosbach
07.12.2023

Spilka-sjef Terje Bøe er mellom dei som er gått inn i initiativet som ønsker å gå til søksmål mot den norske staten for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

NETT NO har tidlegare omtala aksjonen som blei starta av ørstingen Lars Oscar Fossen Øvstegård, og har alliert seg med toppjuristar i arbeidet med å førebu ei rettssak.

Jobbar med å sanke støtte
No blir det jobba med å sanke støtte til søksmålet – både økonomisk og praktisk. Bøe er mellom medlemmane i det som blir omtala «Norwegian Wealth Tax Class Action Board» i presentasjonen til foreininga.

– Ut frå dei kunnskapane vi har tileigna oss, så meiner vi det er grunnlag for å prøve saka rettsleg. Vi meiner det gjerast ein stor urett, som slår negativ ut for samfunnet totalt sett her til lands, seier Bøe til NETT NO om kvifor han støttar kampen.

Han legg til at dei opplever stort engasjement kring saka - både nasjonalt og på Nordvestlandet.

Lars Oscar Fossen Øvstegård møte foto marius
VIL GÅ TIL SØKSMÅL: Lars Oscar Fossen Øvstegård vil gå til søksmål mot staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. Foto: Marius Rosbach
Dette er eigarar som i utgangspunktet har heilt ordinære lønnsinntekter
Terje Bøe

Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast er óg ein sentral støttespelar, som meiner det er viktig å få på det reine om formuesskatten er feil i høve lovverket.

Dei andre medlemmane i aksjonsgruppa er Lars Oscar Fossen Øvstegård og Geir Høydalsvik – som er rekneskapsførar og «våpendragar» for Øvstegård i arbeidet med søksmålet.

«Ei kjempeutfordring» for eigarane
Spilka-konsernet består at 12 ulike selskap, der Spilka Industri og Vello Nordic er de største målt etter omsetning. I november markerte selskapet 90 års historie med lokalt eigarskap.

I dag er det Bjørn Stafset og Laila Kristin Stafset som halvparten kvar av selskapet. Kvart år får dei ei rekning på eit millionbeløp i den personlege formuesskatten.

– Det er svært krevjande og har skapt ei kjempeutfordring for dei. Dette er eigarar som i utgangspunktet har heilt ordinære lønnsinntekter, fortel Bøe.

Spilka jonas gahr støre terje bø foto marius 11
FORSVARA SKATTENIVÅET: Statsminister Jonas Gahr Støre forsvara skattenivået då han besøkte Spilka-konsernet for ei tid tilbake. For eigarane er formuesskatten ei utfordring. Foto: Marius Rosbach

Pengane må takast frå bedrifta
Pengane må med andre ord hentast frå bedrifta – både til å betale formuesskatten - og skatt på utbytte dei tek ut for å betale den.

Spilka-sjefen fortel at dei rekna ut kostnaden for bedrifta i fjor til kring 2,6 millionar kroner, basert på skattereglane som gjeld for 2023.

Til samanlikning hadde Spilka Industri i fjor eit underskott på 2,7 millionar kroner – etter skatt. Bøe legg ikkje skjul på at det også er krevjande for selskapet - og fortel at det heilt klart avgrensar moglegheitene deira til å investere i nye prosjekt.

Ny satsing gir auka skatt
Utrekningar frå Regnskap Norge viser at eigarskattane i Norge er dobla dei siste to åra.

Sjølv om store delar av næringslivet går godt – har det vore betydelege varsko – også frå familieeigde bedrifter her i regionen som fortel at bedriftene blir tappa meir enn det som er berekraftig på sikt.

Bøe blir ekstra oppgitt over kva dei har opplevd når dei har satsa på nye produkt dei siste åra. Den nye fasadeløysinga deira har vore mellom salssuksessane.

At dei har lukkast i satsinga fører til at selskapet aukar i verdi - og at formuesskatten til eigarane aukar.

– Innteninga til bedrifta på denne satsinga ligg først fleire år fram i tid, men formuesskatten aukar medan vi er i den mest kostnadsintensive delen av arbeidet i den nye strategien, seier Bøe oppgitt.

– Prinsippet om å skape for å dele er iallfall oppgitt 100 prosent når det gjeld formuesskatten, legg han til.

Sal er ikkje eit tema
Spilka-sjefen seier det ikkje er noko tema for eigarane deira å selje selskapet. Iallfall ikkje per i dag.

– Det er noko ein på ingen måte ønsker, eller som det blir jobba med i Spilka i dag, men om dette skatteregime held fram, så blir ein på eit tidspunkt tvungen til å gjere grep. Det kan vere sal, eller det kan vere andre alternativ, seier Bøe.

Spilka-sjefen fortel at det er første gong i si karriere at politisk risiko er blitt eit tema i styreromma – om norske forhold.

– Eg meiner det er grunn til å vere bekymra. At politisk risiko er eit tema, er gjerne slik vi har opplevd når det gjeld land vi ikkje ønsker å samanlikna oss med, legg Bøe til.

Publisert: 07.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.12.2023 07:08

Mer om