Varsku om svekka norsk eigarskap
Sjeføkonom meiner skattepolitikken gjer Norge meir sårbart og tappar lokalsamfunn for risikokapital.
Debatten om norsk eigarskap har blussa opp i kjølvatnet av Støre-regjeringa sine skatteskjerpingar for bedriftseigarar. Mellom anna har ei rekke nordmenn med store formuar flytta utomlands for å sleppe unna skatterekninga.
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 er mellom dei som er uroa for at det fører til eit svekka norsk eigarskap.
– Vi blir meir sårbare når mykje av eigarskapen flyttar ut, seier ho til NETT NO.
Tidspunktet for ei svekking av norsk eigarskap – på tampen til ei stor omstilling frå olje- og gass - er spesielt uheldig, meiner Holvik.
– Eitt av dei store spørsmåla framover blir kva dei store aktørane gjer når oljesektoren blir mindre. Vil dei halde fram å investere her til lands, eller er det blitt meir attraktivt å flytte aktiviteten til andre land? spør ho.
Auka utanlandsk eigarskap
Ein Menon-rapport publisert i slutten av april viser at utanlandsk eigarskap for første gong stod for høgare verdiskaping, enn den norske private eigarskapen her til lands.
Det er NHO som bestilte rapporten som viser at utanlandske eigarar stod for 36 prosent av verdiskapinga i næringslivet her til lands i 2021. Norske private eigarar stod for 35 prosent av verdiskapinga.
Offentlege eigarar stod for 22 prosent av verdiskapinga, medan sjølveigde føretak utgjorde sju prosent.
Etter at den norske private eigarskapen styrka seg i åra frå 2014 til 2017, snudde utviklinga. Frå 2017 til 2021 auka utanlandsk eigarskap – medan trenden var fallande for norske private eigarar, ifølgje rapporten.
Lokal eigarskap viktig, ifølgje rapporten
I 2021 var utanlandsk eigarskap etter del av verdiskapinga, for første gong større enn den private eigarskapen i næringslivet i perioden som rapporten undersøkte frå 2014 til 2021.
Norske private eigarar stod likevel for majoritetseigarskapen i nesten 85 prosent av norske føretak i 2021.
Den største delen av den private eigarskapen er lokal. Kring 22 prosent av verdiskapinga av næringslivet her til lands og 39 prosent av sysselsettinga er eigd av lokale eigarar.
Rapportskrivarane skriv at dei ser indikasjonar på at verdiskapinga til lokale eigarar er mindre utsett for konjunkturar, enn verdiskapinga knytt til utanlandske og offentlege eigarar.
Trur trenden vil styrke seg
Endringane er ikkje store – men Holvik påpeiker at rapporten berre tek for seg perioden før dei siste skatteskjerpingane frå regjeringa.
Ho meiner skattepolitikken vil gjere at fleire bedrifter blir selde til utanlandske eigarar, etter at mange bedriftseigarar har opplevd ei dobling i skatterekninga under Ap-Sp-regjeringa.
– Utanlandsk eigarskap har auka betydeleg det siste tiåret, og vi må vente at den trenden vil forsterke seg framover, seier Holvik.
Ho påpeiker at skatteskjerpingane gjer at fleire vil ha behov for å kunne selje, for å betale skatterekninga. Ein sterk trend dei siste åra, har óg vore at investeringane i større grad går til utlandet.
– Det er lettare å selje noterte aksjar, eller eit globalt aksjefond for å få pengar til formuesskatten, seier ho.
Mindre ringverknader lokalt
Sjeføkonomen meiner utviklinga kan føre til fleire negative konsekvensar – ikkje minst for ein region som Nordvestlandet.
– Historisk har det vore slik, at når eigarskapen flyttar ut av lokalmiljøa, så blir det mindre ringverknader lokalt, seier Holvik.
Når ei bedrift blir selt, viser undersøkingar at eigarane går over i ei meir passiv rolle. I staden for å bygge nye bedrifter, investerer dei gjerne i aksjar eller fond som det er mogleg å omsette.
– Det gjer at ein misser den viktige risikovillige lokale kapitalen som kan gå inn i nye prosjekt, seier Holvik.
– Ofte blir bedriftene selt for tidleg
Dei siste åra har det vore ei rekke sal av selskap i ulike bransjar på Nordvestlandet. Sparebank 1-økonomen meiner fleire bedrifter med fordel kunne vakse seg større.
– Ofte blir bedriftene selt for tidleg – før dei blir store - og det er trist, seier ho.
Holvik peiker også på at den samla krafta i den maritime klynga blir svekka når eigarar av store aktørar er ein anna plass i verda.
– Slike klynger er avhengig av å ha beslutningstakarar til stades for å utnytte fordelane, legg ho til.
Svekka nasjonal tryggleik
Ein anna konsekvens av auka utanlandsk eigarskap er omsynet til beredskap og nasjonal sikkerheit.
– PST har uttalt at dei er uroa for at kritisk infrastruktur og produkt som er ansvarleg for sikkerheita i samfunnet, blir selt til utanlandske eigarar. Då blir også ansvaret flytta ut av landet, utdjupar Holvik.
NETT NO har tidlegare intervjua sjeføkonomen der ho påpeika at det perspektivet har vore fråverande i den norske debatten om formuesskatten. Samtidig er det ein viktig årsak til at fleire europeiske land har fjerna formuesskatten.
Publisert: 17.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 01.09.2023 21:15