OLYMPIC DELTA 51148090756
DELTA: Betre marknad for Olympic Delta og resten av flåten til Olympic Subsea. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Stor forbetring - men framleis raude tal

Olympic Subsea har fått restruktureringsavtale med dei fleste långivarar, men har seld to skip ut av selskapet.

15.07.2022

Olympic Subsea-flåten segla inn 551,8 millionar kroner i fjor, og driftsresultatet vart positivt med 40,3 millionar kroner.

Men etter av- og nedskrivingar på 126,8 millionar kroner enda resultatet før skatt på minus 105,7 millionar kroner.

Dette er uansett ei kraftig forbetring frå 2020 då resultatet før skatt vart på over ein halv milliard kroner, i minus.

No ser styret lysning med større aktivitet både i fornybarfeltet og i subsea.

Olympic Subsea (konserntal)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 551,8 562,9
Driftsresultat 40,3 -397
Resultat før skatt -105,7 -510,4

Internsal av to skip
Olympic Subsea vart oppretta i februar 2017 som eit reindyrka subsea- og fornybarselskap. Då overtok ein ei flåte på ti skip.

No står ein att med sju skip. Den siste endringa skjer etter at det er gjort avtale med dei långivarane som ikkje er ein del av ein større restruktureringsavtale om å selje skipa Olympic Zeus og Olympic Orion og innfri gjelda for desse to skipa.

Ifølgje Skipsregisteret er begge skipa internselde til andre selskap i Olympic-systemet.

Olympic Subsea-flåten består deretter av skipa Triton, Challenger, Delta, Electra, Artemis, Taurus og Ares.

Men snart vert det fleire fornybarskip i Olympic-flåten etter at Olympic har gjort avtale med Ulstein Verft om bygging av minst to konstruksjonsskip for havvind. Men denne satsinga skjer saman med Vartdal-investoren Ottar Vartdal gjennom selskapet Olympic Wind Holding,

Restruktureringsavtale
Olympic Subsea hadde ved årsskiftet ein negativ eigenkapital på 199,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på vel 1,8 milliardar kroner.

I tillegg hadde ein ei kortsiktig gjeld til kredittinstitusjonar på 669 millionar med forfall neste år.

Men selskapet har lukkast å få til ein omfattande restrukturerinsavtale med fleirtalet av långivarane.

Avtalen medfører at den årlege gjeldskostnaden vert kraftig redusert, kontantbalansen vert tilstrekkeleg og at konsernet i sum får ein forbetra økonomisk fleksibilitet.

Konverterte obligasjonslån
Den felles betalinga av bankgjelda er utsett til 31. mars neste år, og styret opplyser at det vert jobba med bankane for å få til ei løysing også etter denne datoen.

Eit usikra obligasjonslån er samstundes konvertert til eigenkapital, noko som tilsvara 22 prosent eigarskap i selskapet etter konverteringa.

P.M. Morgan Bank Luxembourg er inne på eigarsida med 7,10 prosent. Også Østlandske Pensjonistboliger er inne med 3,39 prosent eigarskap.

Stig Remøy har kontrollen
Men resten er lokale og regionale der Stig Remøy framleis er klart største aksjonær og sit på 59,07 prosent av aksjane i Olympic Subsea, som omfattar morselskapet og ei lang rekke dotterselskap.

I.P. Huse-eigarane er nest størst med 10,35 prosent, Bjørn Kvalsund og familien eig 9,73 prosent, medan Marin Teknikk-eigarane sit på 4,85 prosent.

Olympic Subsea hadde ved årsskiftet 37 tilsette i administrasjonen og 212 eigne sjøfolk.

Publisert: 15.07.2022 07:56

Sist oppdatert: 15.07.2022 10:14

Mer om