Olympic vindskip illustrasjon ulstein design solutions 11
HYBRIDDRIFT: Skipa Olympic-reiarlaget i Herøy har tinga frå Ulstein Verft, skal ha hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Kongsberg-kontrakt på Olympic-skip

Leverer thrustere og teknologi om bord på skipa som Ulstein verft skal utruste.

Marius Rosbach
31.08.2022

Kongsberg Maritime har sikra seg kontrakt på levering av thrustere og teknologi om bord på to vindskip Olympic-reiarlaget skal bygge.

Verdien på kontrakta er på kring 64 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding onsdag.

Thrustarar utvikla i Ulsteinvik
Leveransen består av fire «azimuthing» thrustere av typen US 205 PM L FP L-drive, som skal installerast framme og bak på skipa.

Dei magnet-drivne PM-thrustarane er utvikla ved anlegget til Kongsberg i Ulsteinvik og gir mindre støy om bord, samtidig som dei er meir effektive.

I tillegg skal Kongsberg-selskapet levere ei integrert teknologiløysing som inneheld dynamisk posisjonering, navigasjons- og kontrollsystem til skipa.

Kan segle like godt bakover, som framover
Olympic-reiarlaget der Stig Remøy er storeigar, har planar om å bygge opptil fire systerskip til bruk i vindkraftmarknaden.

Designtypen som er valt, Twin X-Stern, frå Ulstein Design & Solutions, er ei vidareutvikling av X-Bow-en, med den bakovervende designen både i baugen og akter.

– Dei fire identiske US-thrustarane med vår avanserte «Windfarm PD»-funksjon, muleggjer manøvering i høg fart både framover og bakover. Det reduserer tids- og energibehovet for transiten mellom turbinene, forteller Bård Bjørløw som leiar sals- og marknadsarbeidet i Kongsberg Maritime, i meldinga.

Publisert: 31.08.2022 14:49

Sist oppdatert: 31.08.2022 14:57

Mer om