Vard søviknes verft foto marius
SØVIKNES: Vard-verftet i Søvika var hadde desidert flest tilsynssaker og pålegg i aksjonen fra Arbeidstilsynet, skattestyresmaktene og politiet gjennomførte. Verftet hadde også desidert flest underleverandører inne. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ingen verftsleverandørar blir etterforska

Klart flest saker hos Vard-verft etter tilsynsaksjon.

Marius Rosbach
14.05.2022

Politiet har ikkje opna etterforsking på bakgrunn av det som kom fram frå tilsynsaksjonen mot åtte verft i Møre og Romsdal. 85 tilsynssaker blei oppretta og 167 pålegg gitt til underleverandørar, etter den samordna aksjonen frå Arbeidstilsynet, skattestyresmaktene og politiet.

Sjå fordeling av tilsynssaker og pålegg ved dei ulike verfta under

Gjennom fleire tilsynsbesøk i 2020 og 2021 blei det avdekka at dårlege løns- og arbeidsvilkår var utbredt hos utanlandske underleverandørar i bransjen. Politiet utelukkar framleis ikkje at det kan bli opna etterforsking på bakgrunn av avsløringane, men avsnittsleiar Alf Christian Aarseth Grøtteland ved Møre og Romsdal politidistrikt fortel at dei så langt ikkje har funne grunn til det.

– Politiet ventar at verftsindustrien gjer noko med dei alvorlege funna. Om det ikkje skjer ein betring i bransjen framover, vil vi vurdere å gjere etterforskingsskritt, seier han til NETT NO.

– Vi har valt førebyggingperspektivet. Politiet følger opp verfta gjennom dialog og undersøker korleis det går med tiltaka som er i gong, legg Grøtteland til.

Vil få opplæring om menneskehandel
Allereie då dei første manglane blei avdekka, tok verfta tak i situasjonen. I rapporten går det fram at politiet fekk spørsmål frå næringa om opplæring i kva dei tilsette bør sjå etter for å unngå menneskehandel.

Til hausten blir det difor sett i verk eit program for verfta i distriktet.

– Vi har tenkt ut eit opplegg der dei får vite om risiko- og sårbarheitsanalyse, og korleis ein kan avdekke useriøse selskap, fortel Grøtteland.

Kan bli meir vanskeleg å avdekke brot
Behovet for å betre situasjonen er openberr. I den 43 sider lange rapporten kjem det også fram at inspektørane merka ei endring under tilsynsperioden. Arbeidstakarane verka å ha fått auka instruksjonane frå arbeidsgivarane sine og meir tilpassa dokument.

– Vi antek at kontrollverksemda i bransjen framover vil til føre til at det blir vanskelegare å avdekke brot, meiner rapportskrivarane.

Stor skilnad mellom verfta

Ei oversikt NETT NO har fått frå Arbeidstilsynet viser korleis dei ulike tilsynssakene og pålegga fordeler seg mellom dei åtte verfta som var plukka ut til aksjonen.

  • Vard Søviknes: 40 tilsynsaker – 103 pålegg
  • Ulstein Verft: 14 tilsynsaker – 31 pålegg
  • Vard Brattvåg: Ni tilsynsaker – 15 pålegg
  • Aas Mek Verkstad: Seks tilsynsaker – fire pålegg
  • Myklebust Verft: Seks tilsynsaker – ett pålegg
  • Salthammer: Tre tilsynsaker – fire pålegg
  • Vard Langsten: Fire saker - fire pålegg
  • Tidlegare Kleven Verft: Tre tilsynsaker – fem pålegg

Seksjonssjef Jens Erik Romslo i Arbeidstilsynet fortel at ein må ta omsyn til at verfta hadde ulikt antall underleverandørar inne, når ein «les tala».

Ved Vard Søviknes hadde dei til eksempel svært høg aktivitet under leveringa av ei stort luksusskip til reiarlaget Viking Cruises. Mange arbeidarar og fleire ulike leverandørar inne i tilsynsperioden, kan ha gjort at verftet plasserer seg desidert i toppen med flest tilsynssaker og pålegg.

– Har vore ganske naive
Seksjonssjefen påpeiker at verfta var raske til å ta grep og at mange ganske umiddelbart fekk på plass system i sitt arbeid. Difor enda aksjonen også berre med eitt pålegg om brot på informasjonsplikt og eit på påseplikta til verfta sjølve.

Romslo legg likevel ikkje fingrane mellom når han skal beskrive kontrollen frå verfta sin side.

– Det er ikkje nokon tvil om at verfta har vore ganske naive når dei har inngått kontrakt med underleverandørane. Dei har fått tilsendt dokumentasjon, som kan sjå fin ut. Så viser det seg at når vi snakkar med dei, så har dei til eksempel jobba langt meir enn det blir opplyst om, fortel han til NETT NO.

Plikt til å informere og undersøke
Sjølv om verfta ikkje er arbeidsgivar, har dei mellom anna plikt til å opplyse kva løns- og arbeidsvilkår som gjeld, både til verksemda og dei utanlandske arbeidarane.

– Påseplikta betyr at ein skal undersøke at underleverandørane faktiskt tilbyr dei løns og arbeidsvilkåra dei skal. Til eksempel kan det takast inn i kontrakten, og vi har laga forslag til formuleringer for korleis det kan gjerast, fortel Romslo.

Har fått milliongebyr
Romslo påpeiker at storleiken på gebyra som er gitt etter tilsyna, viser alvorlegheitsgraden. Ein av underleverandørane er ilagt eit overtredelsesgebyr på 1,2 millioner kroner.

– Det er heilt i øvre sjiktet av kva vi har heimel til å gi, og det er ikkje ofte at vi er heilt der oppe, legg han til.

– Snakk om grov utnytting
Reaksjonane på funna har heller ikkje uteblitt. Allereie har både arbeidsministeren, LO-leiaren og NHO vore klare på at situasjonen er uakseptabel.

– Det er snakk om grov utnytting av arbeidstakarar, som ikkje har fått miminumsløn, overtid, bortbuartillegg. Men også heilt grunnleggande ting som at ein ikkje registrerer arbeidstid, kommenterer Romslo.

Det er snakk om grov utnytting av arbeidstakarar
Jens Erik Romslo

Publisert: 14.05.2022 04:59

Sist oppdatert: 13.05.2022 23:53

Mer om