Sunnmøre tingrett foto ogne 11
ULIKE VERFT: Bustyrar har fått opplyst at installasjonsfirmaet har hatt arbeid ved ulike verft, mellom anna på Larsnes. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Verftsleverandør med 56 tilsette konkurs

Installasjonsfirma med arbeid på Sande-verft melde oppbod med milliongjeld.

Marius Rosbach
28.10.2021

Selskapet Etprofessional med adresse på Larsnes melde torsdag oppbod med drygt 1,55 millionar kroner i gjeld.

Det går fram av ei avgjerd i Møre og Romsdal tingrett torsdag.

Ifølgje rettspapira er selskapet ute av stand til å ta seg av gjelda, og det er kring 26.000 kroner av verdi i buet.

Verksemda er i drift og bostyrar Jørund Knardal opplyser til NETT NO at det skal vere 56 tilsette i selskapet som ikkje er lovleg oppsagde.

Har jobba ved ulike verft
Bustyrar har fått opplyst at dei tilsette har jobba ved ulike verft, mellom anna på Larsnes og ved Fitjar på Austevoll. Vidare er det opplyst at firmaet har vore innleigd som underleverandør, utan direkte avtale med verfta.

Bustyraren fortel at han fekk oppgåva torsdag, og ikkje kan uttale seg om årsaka til at verksemda gjekk over ende. Styreleiar har opplyst at koronapandemien har vore medverkande.

I 2020-rekneskapen datert i midten av september omtalar leiinga at dei har fire pågåande prosjekt, men at dei har hatt problem med å få tilsette til Norge som følgje av reiserestriksjonar. Det førte til auke kostnader og at drifta delvis stansa opp, heiter det.

Millionunderskot i fjor
Firmaet blei registrert mot slutten av 2019 og har levert rekneskap for 2019 og 2020. Dei viser null kroner i inntekt første året og 2,5 millionar i underskott i fjor etter ei omsetning på nær 15 millionar.

I 2020 sysselsette selskapet når 60 årsverk, ifølgje årsrapporten. Den viser også at eigenkapitalen er tapt og eit udekka tap på 2,5 millionar kroner ved utløpet av fjoråret.

Verken eigaren, som også er styreleiar, eller nokon av dei andre to som er registrert med roller i selskapet, er oppført med verv i andre verksemder.

Revisor viser til skatterot
Ifølgje revisoren si uttale har ikkje selskapet handtert skattetrekksmidlar på korrekt vis, og rekneskapen for i fjor viser skuldige utgifter til det offentlege på drygt tre millionar. Revisoren fråtredde si rolle i slutten av førre månad.

Første skiftesamling i Møre og Romsdal tingrett blir 6. desember og fristen for å melde krav er fire dagar i forvegen.

Publisert: 28.10.2021 18:47

Sist oppdatert: 28.10.2021 19:56

Mer om