Mennesket best paa aa spoerre
OPTIMIST: Teknologien kan ta vekk fleire skitne, farlege og repeterande arbeidsoppgåver og gi meir rom for menneskelg kreativitet, men teknologiskiftet vil som tidlegare i historia først ta bort jobbar før nye oppstår, meiner sjakkmeister Gary Kasparov.
Nytt

Mennesket best på å spørre

I uoverskueleg framtid er det framleis mennesket som veit kva som er det relevante spørsmålet, seier sjakkmester Gary Kasparov.

30.05.2018
Kasparov var det store trekkplasteret og avsluttande foredragshalder på årets Innotown-konferanse, med konsekvensen av kunstig intelligens som tema.
Sjakkmeisteren var den første verdstoppen som måtte sjå seg slått av ei datamaskin. Rundt 2005 var kampen mellom sjakkspelarar og maskiner over for godt, og i dag er det skapt maskiner som i løpet av fire timar sjølv lærer seg å spele sjakk på toppnivå.
Men kunstig intelligens - sjølvlærande maskiner - gjer ikkje mennesket overfødig, seir Kasparov. Dei kan lære, og dei kan også spørre - men det skjer innan rammer som menneske har trekt opp.
- Maskinene veit ikkje kva for spørsmål som er relevante, seier Kasparov.


Etterlyser diskusjonen

Kasparov er optimistisk med omsyn til konsekvensen av kunstig intelligens.
Alle tidlegare store teknologiske sprang har skapt nye jobbar, som har erstatta dei som ny teknologi gjorde overflødig.
Det vil skje no og, sjølv om det er uråd å seie kva for jobbar som vil oppstå, meiner Kasparov.
Men historia lærar oss og at store teknologiske sprang fører til at gamle jobbar forsvinn før det blir skapt nye.
Det er i ferd med å hende no og, men i samfunnet er det ein manglande vilje til å erkjenne endringane og diskutere korleis dei skal handterast, meiner Kasparov.

Bremsene på

I staden for å erkjenne at store endringar er i gang, har samfunnet generelt sett bremsene på, og håpar å bevare det eksisterande.
Det er nyttelaust og vil berre forsterke problema, ikkje løyse dei, slik Kasparov ser det.
Maskinene veit ikkje kva for spørsmål som er relevante

Publisert: 30.05.2018 16:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22