Merkar den reduserte aktiviteten
VIGRA: Lufthamnsjef Tor Hånde merkar redusert aktivitet på Vigra, mellom anna reduserte parkeringsinntekter, men leverer likevel solide plusstal for 2015.
Nytt

Merkar den reduserte aktiviteten

Ålesund lufthamn Vigra merkar dei tøffare tidene for mange bedrifter på Nordvestlandet, men leverte likevel overskot i fjor.

19.02.2016
Det samla overskotet var på 15,8 millioner kroner i 2015. Med det er Vigra ei av sju lufthamner i Avinor som kan vise til eit positivt resultat i fjor.
Dette opplyser lufthamnsjef Tor Hånde i ei pressemelding.
Trass i overskotet, er årsresultatet 17 millionar kroner dårlegare enn i 2014.
- Resultatet speglar at marknadssituasjonen i vår region er vesentleg endra det siste året, seier Hånde.
Lufthamna har fått redusert sine inntekter, samtidig som interne belastningar i rekneskapen har auka.

Ned på parkering og dutyfree

På grunn av nedgang i antal passasjerar, er inntektene fra lufthamnavgiftene redusert med over 6 millionar kroner på Vigra i 2015, opplyser Hånde.
Den reduserte trafikken slår også inn på andre område. Mellom anna gjekk inntektene frå dutyfreesalet ned som eit resultat av at antal utlandspassasjerar vart redusert.
Også parkeringsinntektene gjekk ned samanlikna med 2014.
Totalt reiste det i 2015 1.080.045 passasjerar over lufthamna, inkludert transfer. På innland reiste det 772.600 passasjerar, medan 250.974 reiste utland.

Sju i pluss - 39 i minus

Til NETT NO seier Hånde at ein ikkje får behalde noko av overskotet på Vigra.
- Nei, alt går inn i konsernet.
- Avinor er sjølvfinansiert, slik at overskotet frå dei sju lufthamnene som har positivt resultat delvis vert nytta til å dekke underskotet på dei 39 øvrige lufthamnene.

Ingen utvidingsplanar

Hånde meiner likevel at det er viktig å vise at Vigra kan stå på eigne bein, og ikkje er avhengig av overføringar frå andre.
Etter ei stor utviding av avgangsområdet i sommar, er det ikkje nye utvidingsplanar.
- Dette må også sjåast i samanheng med at passasjerveksten har stoppa opp, sier Hånde.
For heile Avinor enda driftsinntektene på 12 milliardar kroner i 2015, og resultatet før skatt vart solide 2,5 milliardar. Det positive resultatet skuldast i hovudsak reduserte driftskostnader og gevinst ved sal av Radisson Blue Hotel på Gardermoen.
Les pressemelding .
Resultatet speglar at marknadssituasjonen i vår region er vesentleg endra det siste året

Publisert: 19.02.2016 09:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53