"Fotturar på Sunnmøre" er trykt i fire opplag og har selt 27.368 eksemplar ved utgangen av oktober i år. Første utgåve kom i 1999 og heile opplaget på 6000 gjekk ut på seks veker, og framleis er det god etterspurnad etter bestseljaren.
Også for Helge Standal og medeigar Jon Hagen i Iriss Forlag DA i Volda. "Fotturar på Sunnmøre" vart straks ein kjempesuksess og tok over etter Randersboka som hadde vore turfolkets "bibel" i 100 år. Ny teknologi og rutene innteikna direkte på bilda, var nyskapande og slo an, men det har aldri vore aktuelt å satse på forlagsdrift på heiltid, seier Standal.
I Sogn og Fjordane har derimot Torkjell Djupedal i Selja Forlag selt bøker for nesten 70 millionar kroner siste ti åra og har tent over ti millionar kroner på forlagsdrift.
Ekroll har ei klar meining om kvifor det er så mange små forlag på Sunnmøre.
- He-he, du veit sunnmøringane kan best sjølve. Alle er gründerar og vil ha handa på rattet heile vegen og gje ut boka sjølv. Her har ikkje vore eit større forlag sidan Nordvest Forlag gjekk konkurs for mange år sidan. Oddvar Nilsen dreiv godt i mange år, ikkje minst takka vere bøkene til eventyraren Ragnar Thorseth, seier Ekroll.
Larsnesingen dreiv Vista Forlag i tillegg til full jobb i Vikebladet. Han trur sjølv at han var for snill og idealistisk til å gjere god butikk på forlagsdrifta. Med berre ei bok i året vart det også for lite og tungdrive, seier han.
- Det er lang produksjonstid frå idé til boka ligg på disken, og det er svært arbeidskrevjande. Ny teknologi gjer det rimelegare å produsere bøker, men distribusjonen er meir krevjande. Berre å sende ei bok i posten kostar over hundrelappen, og bokhandlane har auka provisjonen, seier Ekroll.
- Vi er veldig stolte av boka om kyrkjene på Sunnmøre. Dette er viktig historie, og det var utruleg lærerikt. No snusar vi på ei bok om kyrkjene i Romsdal, seier Ekroll Riborg.
Ti års arbeid ligg bak. Boka er skriven av Øystein Ekroll, arkeolog som jobbar med restaurering av Nidarosdomen og bror til Einar, og Per Eide i Ulsteinvik har fotografert.
- Men vi vert ikkje rike av dette, seier Ekroll Riborg.
Media Vest AS hadde ein omsetnad på 19,3 millionar kroner og eit overskot før skatt på 3,6 millionar i 2012.
- Harald Grytten har hatt fast spalte hos oss sidan starten, og til femårsjubileet for Nytt i Uka gav vi ut den første boka. I stor grad historiske bøker om Ålesund, krigen og bybrannen. Vi har ikkje tent særleg pengar på forlaget, og det ligg ei idealistisk haldning bak, ikkje minst frå forfattarane si side. Sel vi 1500 av ei bok, så synest vi det er bra, oppsummerer Fugelsø Nilssen.
- Er forlag noko Nytt i Uka vil satse meir på?
- Vi må bestemme oss for kva vi skal vere gode på, og det er avisdrift, men vi synest det er gøy då, seier Berit Fugelsø Nilssen.
- Vi har ikkje gitt ut bok på fire-fem år, men det er absolutt mogleg å ta det opp igjen, seier ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg.
- Kva skal til?
- Vi er opne for gode manuskript og gode idear. Det må vere lokalt og unikt, seier Relling Berg.
Redaktøren seier at heller ikkje Sunnmørsposten har tent pengar på forlagsdrifta, men at den lokalhistoriske og kulturhistoriske verdien av bøkene er viktig.
- Ligg det føringar frå eigaren, Polaris Media, om at Sunnmørsposten ikkje skal halde på med ting som ikkje gir pluss på botnlina?
- Nei, seier Hanna Relling Berg.
- I tillegg finst det mange idealistar, som dei du refererer til på Sunnmøre. Det er svært mange som gir ut bøker her i landet, seier Einarsson.
Ei oversikt som fagbladet Bok & Samfunn presenterte i oktober, viser at 63 forlag omsette for meir enn to millionar kroner i 2012. Av desse hadde 49 eit positivt driftsresultat.
- Til saman har vi trykt over 50.000 eksemplar av dei seks bøkene vi har gitt ut, der "Fotturar på Sunnmøre" åleine står for eit samla opplag på 33.000, og vi har selt nesten 27.500 av dei, fortel Standal.
Truleg er det berre Oddgeir Bruasets "Nyttårsorkanen" av bøker med lokalt innhald som kan konkurrere med turboka frå Volda. Bruaset reknar med at boka har selt ein stad mellom 25.000 og 30.000 og ber oss sjekke hos Samlaget. Der har dei skifta distributør og informasjonssjef Karin Helgøy kan ikkje gje oss eit nøyaktig tal.
Det same gjeld for Bruasets bok "Folket langs Storfjorden" som også har selt svært godt. Av nyare bøker frå Nordfjord og Sunnmøre har Arill Riises "Sild og grandiosa" selt 7000, fortel Helgøy.
Bokhandlar Harald Gjørtz hos Alb. Gjørtz AS i Ålesund trur også at "Fotturar på Sunnmøre" kan vere den mest selde lokale boka i nordvest.
- Vi har den alltid i hylla, seier Gjørtz.
- Vi har fått mange førespurnader om å gje ut andre sine manuskript, men har takka nei med eitt unntak, ”Tindekliv på Sunnmøre” av Dagfinn Hovden. Jon og eg har interessante jobbar utanom, og for oss er dette ein hobby, der vi har følgt heile prosessen, frå å gå turane, ta bilde, skrive, utforme sidene, selje og distribuere. Spennande og variert, seier Standal.
- Snart vert eg pensjonist, det vert truleg ikkje fleire bøker for min del. Å selje ut restopplaga kan bli ein triveleg pensjonistaktivitet. Det er ikkje alt som treng å vekse, heller, seier Standal, gründer for Globalskolen som tilbyr nettundervisning til norske elevar i utlandet – frå Volda.
- Er det aktuelt med fleire bøker?
- Vi har flørta med tanken om å gå vidare, men vi har ingen prosjekt i dag, seier Tore Aarflot.
- Skal dette bli levebrød, må vi jobbe meir med idéutvikling og bruke stoffet til meir enn berre ei bok, og på den måten dele kostnadene på fleire produkt. Og vi må opp i tre-fire bøker i året, seier Einar Ekroll.
Han er meir optimistisk enn kollega Torkjell Djupedal i Selja Forlag når det gjeld framtida til tradisjonelle bøker.
- Det er nok ikkje så mange mellom 15 og 40 som les tekst mellom stive permar lenger, men vi ser at lesing er ein trend blant born og ungdom, og mange over 50 kjøper framleis bøker. Kosen med ei bok i handa er framleis viktig, seier Ekroll.
P.S.: I tillegg til forlaga som er nemnde i artikkelen og faktaboksen, finst det fleire enkeltpersonføretak (ikkje pliktige til å gje opp rekneskap) som gir ut bøker på Sunnmøre, blant dei er Thorseth Press (Harald Thorseth) i Fosnavåg, Johan Ottesen i Ulsteinvik gir ut bøker med utgangspunkt i bildearkivet sitt, Ublu Tuba (Trond Knutsen) i Ålesund, Sanseleg Forlag DA (Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy) på Gurskøy og Sjøbloms Forlag (Bertil Sjøblom) i Brattvåg.
Berre ein hobby
På Sunnmøre kryr det av små forlag, men ingen driv med dette først og fremst for å tene pengar. Berre ein hobby, seier uvanleg smålåtne sunnmørske forleggjarar.Også for Helge Standal og medeigar Jon Hagen i Iriss Forlag DA i Volda. "Fotturar på Sunnmøre" vart straks ein kjempesuksess og tok over etter Randersboka som hadde vore turfolkets "bibel" i 100 år. Ny teknologi og rutene innteikna direkte på bilda, var nyskapande og slo an, men det har aldri vore aktuelt å satse på forlagsdrift på heiltid, seier Standal.
I Sogn og Fjordane har derimot Torkjell Djupedal i Selja Forlag selt bøker for nesten 70 millionar kroner siste ti åra og har tent over ti millionar kroner på forlagsdrift.
For snill og idealistisk
Einar Ekroll (59) på Larsnes har lang erfaring med å gje ut lokale bøker. I mange år dreiv han Vista Forlag som han avvikla i 2010, men allereie året etter var han i gang igjen saman med familien i nye Bla AS, der dottera Silje Ekroll Riborg (28) er dagleg leiar. Dei har så langt gitt ut eit praktverket ”Sunnmørskyrkjene” på 400 sider.Ekroll har ei klar meining om kvifor det er så mange små forlag på Sunnmøre.
- He-he, du veit sunnmøringane kan best sjølve. Alle er gründerar og vil ha handa på rattet heile vegen og gje ut boka sjølv. Her har ikkje vore eit større forlag sidan Nordvest Forlag gjekk konkurs for mange år sidan. Oddvar Nilsen dreiv godt i mange år, ikkje minst takka vere bøkene til eventyraren Ragnar Thorseth, seier Ekroll.
Larsnesingen dreiv Vista Forlag i tillegg til full jobb i Vikebladet. Han trur sjølv at han var for snill og idealistisk til å gjere god butikk på forlagsdrifta. Med berre ei bok i året vart det også for lite og tungdrive, seier han.
- Det er lang produksjonstid frå idé til boka ligg på disken, og det er svært arbeidskrevjande. Ny teknologi gjer det rimelegare å produsere bøker, men distribusjonen er meir krevjande. Berre å sende ei bok i posten kostar over hundrelappen, og bokhandlane har auka provisjonen, seier Ekroll.
Ti år på kyrkjebok
Familieføretaket Bla AS kan likevel bli meir enn ein hobby, det stadfester både far og dotter. Silje Ekroll Riborg studerer planlegging og administrasjon på Høgskulen i Volda og det er eit alternativ å bli forleggjar på heiltid når ho er ferdig der.- Vi er veldig stolte av boka om kyrkjene på Sunnmøre. Dette er viktig historie, og det var utruleg lærerikt. No snusar vi på ei bok om kyrkjene i Romsdal, seier Ekroll Riborg.
Ti års arbeid ligg bak. Boka er skriven av Øystein Ekroll, arkeolog som jobbar med restaurering av Nidarosdomen og bror til Einar, og Per Eide i Ulsteinvik har fotografert.
- Men vi vert ikkje rike av dette, seier Ekroll Riborg.
Grytten og Ålesund
Nytt i Ukas Forlag i Ålesund har gitt ut 18 bøker, mange av dei ført i pennen av byhistorikar Harald Grytten. Viktige bøker, men forlaget er ingen stor del av drifta til Media Vest AS som sidan 1985 har gitt ut gratisavisa Nytt i Uka, understrekar dagleg leiar Berit Fugelsø Nilssen.Media Vest AS hadde ein omsetnad på 19,3 millionar kroner og eit overskot før skatt på 3,6 millionar i 2012.
- Harald Grytten har hatt fast spalte hos oss sidan starten, og til femårsjubileet for Nytt i Uka gav vi ut den første boka. I stor grad historiske bøker om Ålesund, krigen og bybrannen. Vi har ikkje tent særleg pengar på forlaget, og det ligg ei idealistisk haldning bak, ikkje minst frå forfattarane si side. Sel vi 1500 av ei bok, så synest vi det er bra, oppsummerer Fugelsø Nilssen.
Byggjer merkevare
Ho understrekar at avisproduksjonen er viktigast, men at verdien av å gje ut lokalshistorisk stoff kombinert med at bedrifta har råd til det, ligg til grunn for forlagsdrifta. Dessutan er det god merkevarebygging.- Er forlag noko Nytt i Uka vil satse meir på?
- Vi må bestemme oss for kva vi skal vere gode på, og det er avisdrift, men vi synest det er gøy då, seier Berit Fugelsø Nilssen.
Pause i Sunnmørsposten
Heller ikkje i Sunnmørsposten Forlag er bokutgjeving prioritert.- Vi har ikkje gitt ut bok på fire-fem år, men det er absolutt mogleg å ta det opp igjen, seier ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg.
- Kva skal til?
- Vi er opne for gode manuskript og gode idear. Det må vere lokalt og unikt, seier Relling Berg.
Redaktøren seier at heller ikkje Sunnmørsposten har tent pengar på forlagsdrifta, men at den lokalhistoriske og kulturhistoriske verdien av bøkene er viktig.
- Ligg det føringar frå eigaren, Polaris Media, om at Sunnmørsposten ikkje skal halde på med ting som ikkje gir pluss på botnlina?
- Nei, seier Hanna Relling Berg.
150-200 proffe forlag
Administrerande direktør Kristenn Einarsson i Den norske Forleggerforening seier at det truleg er ein stad mellom 150 og 200 forlag som driv profesjonelt i Norge, av dei er 90 medlemmer hos han. Med profesjonelt meiner han forlag som har dette som leveveg.- I tillegg finst det mange idealistar, som dei du refererer til på Sunnmøre. Det er svært mange som gir ut bøker her i landet, seier Einarsson.
Ei oversikt som fagbladet Bok & Samfunn presenterte i oktober, viser at 63 forlag omsette for meir enn to millionar kroner i 2012. Av desse hadde 49 eit positivt driftsresultat.
Konkurrerer med Bruaset
I Volda har Helge Standal (60) drive Iriss Forlag DA sidan 1989 saman med ørstingen Jon Hagen (49), busett i Lier. Dei to klatrekompisane starta med å lage ei lita bok om Molladalen, og dei har sidan gitt ut fem bøker til.- Til saman har vi trykt over 50.000 eksemplar av dei seks bøkene vi har gitt ut, der "Fotturar på Sunnmøre" åleine står for eit samla opplag på 33.000, og vi har selt nesten 27.500 av dei, fortel Standal.
Truleg er det berre Oddgeir Bruasets "Nyttårsorkanen" av bøker med lokalt innhald som kan konkurrere med turboka frå Volda. Bruaset reknar med at boka har selt ein stad mellom 25.000 og 30.000 og ber oss sjekke hos Samlaget. Der har dei skifta distributør og informasjonssjef Karin Helgøy kan ikkje gje oss eit nøyaktig tal.
Det same gjeld for Bruasets bok "Folket langs Storfjorden" som også har selt svært godt. Av nyare bøker frå Nordfjord og Sunnmøre har Arill Riises "Sild og grandiosa" selt 7000, fortel Helgøy.
Bokhandlar Harald Gjørtz hos Alb. Gjørtz AS i Ålesund trur også at "Fotturar på Sunnmøre" kan vere den mest selde lokale boka i nordvest.
- Vi har den alltid i hylla, seier Gjørtz.
Alt treng ikkje vekse
Trass suksessen har det aldri vore aktuelt å bli forleggjar på heiltid.- Vi har fått mange førespurnader om å gje ut andre sine manuskript, men har takka nei med eitt unntak, ”Tindekliv på Sunnmøre” av Dagfinn Hovden. Jon og eg har interessante jobbar utanom, og for oss er dette ein hobby, der vi har følgt heile prosessen, frå å gå turane, ta bilde, skrive, utforme sidene, selje og distribuere. Spennande og variert, seier Standal.
- Snart vert eg pensjonist, det vert truleg ikkje fleire bøker for min del. Å selje ut restopplaga kan bli ein triveleg pensjonistaktivitet. Det er ikkje alt som treng å vekse, heller, seier Standal, gründer for Globalskolen som tilbyr nettundervisning til norske elevar i utlandet – frå Volda.
Nytt turbok-forlag
To andre voldingar står kanskje klare til å overta turbok-nisja. Redaktør Tore Aarflot (55) i avisa Møre og kroppsøvingslærar Frode Sætre (54) skreiv ”Frå tare til topp” og fann ut at dei måtte ha eit forlag å gje den ut. Kysttur AS hadde ein omsetnad på 793.000 kroner i 2012 og eit overskot på 352.000 kroner før skatt, men forfattarane og eigarane avviser at dette er god butikk, så viser også rekneskapen at dei ikkje har teke ut løn (sjå fleire nøkkeltal i faktaboksen).Har flørta med tanken
- Vi får vel kanskje litt igjen for å drive med hobbyen vår. Det har vore veldig gøy og lærerikt, men det ligg enormt mykje arbeid bak, seier Aarflot, som er sjette generasjon Aarflot som gir ut avis i Volda.- Er det aktuelt med fleire bøker?
- Vi har flørta med tanken om å gå vidare, men vi har ingen prosjekt i dag, seier Tore Aarflot.
Kan bli levebrød
På Larsnes må familien Ekroll snart bestemme seg for om dei skal satse meir på forlagsdrifta.- Skal dette bli levebrød, må vi jobbe meir med idéutvikling og bruke stoffet til meir enn berre ei bok, og på den måten dele kostnadene på fleire produkt. Og vi må opp i tre-fire bøker i året, seier Einar Ekroll.
Han er meir optimistisk enn kollega Torkjell Djupedal i Selja Forlag når det gjeld framtida til tradisjonelle bøker.
- Det er nok ikkje så mange mellom 15 og 40 som les tekst mellom stive permar lenger, men vi ser at lesing er ein trend blant born og ungdom, og mange over 50 kjøper framleis bøker. Kosen med ei bok i handa er framleis viktig, seier Ekroll.
P.S.: I tillegg til forlaga som er nemnde i artikkelen og faktaboksen, finst det fleire enkeltpersonføretak (ikkje pliktige til å gje opp rekneskap) som gir ut bøker på Sunnmøre, blant dei er Thorseth Press (Harald Thorseth) i Fosnavåg, Johan Ottesen i Ulsteinvik gir ut bøker med utgangspunkt i bildearkivet sitt, Ublu Tuba (Trond Knutsen) i Ålesund, Sanseleg Forlag DA (Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy) på Gurskøy og Sjøbloms Forlag (Bertil Sjøblom) i Brattvåg.
He-he, du veit sunnmøringane kan best sjølve
Publisert: 01.12.2013 07:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30