Arctic bioscience spadetak foto 11
STOPP: Medgrunnleggar Hogne Halleraker (med spade) markerer byggestart for ny fabrikk for Arctic Bioscience. I vår vart bygginga utsett.
Nytt

Mikrohandel i Arctic Bioscience

185 aksjar i Arctic Bioscience. Det var dagens handel på børsen.

25.08.2022

Tre små aksjepostar i Arctic Biopscience blei handla på børsen i dag og aksjekursen var den same som då handelen starta i dag tidleg.

Til saman 185 aksjar skifta eigar.

Selskapet la fram halvårstala før børsen opna i dag og held ein presentasjon i formiddag, utan å utløyse det stor engasjementet.

Sjå resultatpresentasjonen her

Problemet med Arctic Bioscience, sett frå aksjespekulant-perspektivet, er at svaret på om selskapet blir ein suksess eller ei ligg langt fram i tid.

Arctic Bioscience sitt første store mål er å få legemiddelgodkjenning av selskapet sitt middel mot hudsjukdomen psoriasis. Først i andre halvår neste år vil dei første svara frå den komande medisinske testen kome. Dei første testpersonane skal byrje å teste produktet i fjerde kvartal i år.

Den første informasjonen med noko substans selskapet kan kome med er om kva som blir utfallet av testen. Går det som Arctic Bioscience håpar er svara positive, og det vil truleg vere informasjon som gir store utslag på kursen.

Tre andre selskap på NETT NO si oversikt over børsselskap på Nordverstlandet hadde også uendra kursutvikling i dag.

Havial Kystruten blei dagens vinnar med 4,66 kursoppgang, Endúr taparen med eit kursfall på 6,25 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 17,95 4,66 %
Hav Group 13,76 2,53 %
Salmon Evolution 8,92 1,13 %
Hexagon Composites 29,26 0,62 %
Sparebanken Møre 75,4 0,15 %
Hofseth Biocare 3,4 0,00 %
Havyard Group 3,795 0,00 %
Arctic Bioscience 15,3 0,00 %
Nortel 21,4 0,00 %
Atlantic Sapphire 19,13 -0,87 %
Hexagon Purus 24,62 -0,97 %
Havila Shipping 15,88 -1,98 %
Statt Torsk 2,2 -2,22 %
Norva 24* 33,895 -3,17 %
Golden Energy Offshore Services 2,13 -4,48 %
Endúr 28,115 -6,25 %
*Svenske kroner

Publisert: 25.08.2022 16:59

Sist oppdatert: 25.08.2022 17:01