Finn Arne Egeness foto Ogne
FOR TIDLEG: Det er for tidleg å konkludere med om dagens prisnivå på torsk vil halde seg, og vi har fått eit varig skifte i etterspørselen etter torsk, meiner Finn-Arne Egeness i Nordea. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Milliardauke i torskefisket

Dagens pris vil gi fiskarane ny rekord for fangstinntekta med solid margin. Men analytikar er usikker på om nivået held seg.

18.02.2022

I 2019, siste året før korona, var fangstinntektene frå torskefisket 7,5 milliardar kroner.

Med dagens pris vil årets torskefiske gi fiskarane 9,7 milliardar kroner i fangstinntekt - ein auke på meir enn to milliardar.

Torskefisket er det viktigaste fisket målt etter fangstverdi og har gitt aukande inntekter i fleire år etter kvarandre.

I 2016 var fangstinntektene 6,45 milliardar kroner, ny rekord for fjerde år på rad.

Spådde åtte millionar
I oktober i fjor spådde Finn-Arne Egeness, bransjeanalytikar for sjømat i Nordea, at fangstinntektene i torskeflåten i år vil passere åtte milliardar kroner, mellom anna med drahjelp frå gjenopninga av restaurantmarknaden.

Åtte milliardar kroner er også over tidlegare rekordar.

Takka vere lønssystemet i fiskeflåten, der inntektene til mannskapet på båtane svingar med fangstinntektene, har både fiskebåtreiarar og mannskap på fiskebåtane hatt gode tider dei siste åra.

I dag er torskeprisen så høg at den vil gi ei fangstinntekt frå torskefisket på 9,7 milliardar kroner, dersom dagens pris blir gjennomsnittsprisen i 2022, seier Egeness.

Ein pris til fiskar på 35 kroner per kilo fersk hovudkappa torsk (der hovud og innmat er fjerna) er 11 kroner over gjennomsnittsprisen i 2021, ifølgje Egeness.

I eit innlegg i NETT NO drøftar han om dagens torskepris kan halde seg, eller om det er ein topp som ikkje vil vare.

Med gjenopninga av samfunnet etter koronatiltaka må bedrifter i restaurant- og cateringmarknaden fylle opp varelager, samstundes som leveringane til daglegvaremarknaden skal haldast oppe. Samstundes har dårleg ver redusert tilgangen av fisk.

Begge deler medverkar til dagens høge torskepris, etter Egeness si vurdering.

Grunnen til at han er usikker på om prisen vil halde seg på dagens nivå er at prisen på torsk ut til grossist- og butikkleddet ikkje har gått tilsvarande like mykje opp som prisen fiskarane får betalt når dei leverer fisken.

"For at prisoppturen skal være varig, må prisoppgangen på første hånd i større grad gjenspeiles i eksportprisene på foredlede produkter.", skriv Egeness.

Publisert: 18.02.2022 08:39

Sist oppdatert: 18.02.2022 09:46

Mer om