Norsk sjømat stranda laks
STOR VEKST: I løpet av fjoråret automatiserte Norsk Sjømat-konsernet produksjonen på Stranda for å ta unna veksten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Milliardvekst gjennom pandemien

Norsk Sjømat-konsernet har auka inntektene kraftig gjennom koronaåra. Over halv milliard i overskot i fjor.

Marius Rosbach
31.07.2023

Norsk Sjømat-konsernet utvida anlegget på industriområdet Svemorka med ekstra produksjon- og fryselagerlokale etter rekordåret 2021.

Det fekk dei god nytte av med nytt hopp i omsetninga i fjor. Trass i at koronapandemien har gitt store utfordringar for verksemda, har omsetninga til sjømatkonsernet auka med meir enn to milliardar frå 2020 til 2022.

I fjor auka inntektene med nye 815 millionar til nær 6,5 milliardar kroner (sjå tabell under).

Svakare lønnsemd - auka utbytte
Lønnsemda vart svakare enn i rekordåret 2021. Eit resultat før skatt på 569 millionar, er likevel det nest største overskottet Stranda-konsernet har levert.

Årsmeldinga viser at det blei teke ut 75 millionar kroner i utbytte etter fjorårets resultat. Det er høgare enn dei siste åra.

Konsernet hadde 551 årsverk i fjor. Det betyr også ei solid auke i bemanninga gjennom pandemien, frå 497 årsverk i 2020.

Norsk Sjømat og Nergård Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
6.482
5.667
Driftsresultat
592
622
Resultat før skatt
569
652

Ventar auka marginpress
I løpet av dei første månadene i 2023 held etterspurnaden fram å vere stabilt god. Samtidig har prisane på råstoff vore høge – og er venta halde seg slik ut året.

Leiinga ventar difor at årets resultat blir prega av sterkare marginpress.

Krigen i Ukraina påverkar drifta lite, men Ukraina og dei omkringliggande landa har vore viktige marknad for sildeprodukt, som kan gi utfordringar for Nergård-delen av konsernet.

Har auka på frosenfisk
Pandemien påverka konsernet mindre i fjor, enn året før. Likevel er etterspurnaden frå restaurant- og hotellsegmentet gått betydeleg ned.

Samtidig har etterspurnaden frå butikkjeder auka kraftig. Det har gjort at sjømatkonsernet har halde produksjonen oppe på frosne produkt til store kjeder i Europa. Dei har også auka på frosne lakseprodukt til USA, skriv leiinga i årsmeldinga.

Skifta namn i fjor
Norsk Sjømat og Nergård Holding-konsernet har Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold som storaksjonærar.

Verksemda omfattar fiskeforedlingsanlegg på Stranda, majoritetseigarskap i fiskeri- og fiskeforedlingskonsernet Nergård, 40 prosent eigarskap i Global Fish - som driv pelagisk industri. Dei har óg dotterselskap som vidareforedlar restråstoff frå fiskeindustri.

Morselskapet skifta namn i løpet av fjoråret og heiter no berre Norsk Sjømat – utan Nergård Holding - som det heitte tidlegare.

Publisert: 31.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.07.2023 21:52

Mer om