Botholf Stolt Nielsen foto Ogne
USIKRE TIDER: Etter eit rekordgodt fjorår, trur administerande direktør Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme dei går meir usikre tider i møte. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordutbytte etter laksefest i fjor

Langt meir usikre tider framover, påpeiker Ocean Supreme-sjefen.

Marius Rosbach
26.07.2023

Lakseeksportør Botholf Stolt-Nielsen humrar då NETT NO foreslår «laksefest» som overskrift for fjoråret.

Faktum er at 2022 vart eit jubelår for Ålesund-selskapet Ocean Supreme. Inntekene auka nær 430 millionar og overskotet vart meir enn dobla samanlikna med 2021 (sjå tabell under).

– Vi er godt nøgd med fjoråret, seier han nøktern.

Av ei omsetninga på nær 2,2 milliardar, vart overskot før skatt på nær 108 millionar. Rekordhøge lakseprisar har bidrege, men Stolt-Nielsen påpeiker at dei har også har erfarne tilsette som har klart å manøvrere fornuftig i krevjande farvatn.

Selskapet sysselsette 21 årsverk i fjor, fire fleire enn året før.

Ocean Supreme As
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt2193,71765,4
Driftsresultat104,347,7
Resultat før skatt107,960,3

Større usikkerheit enn tidlegare
Ocean Supreme har spesialisert seg på å eksportere fersk laks til den asiatiske og nordamerikanske marknaden. Dei siste åra har dei hatt god vekst, samtidig som det har vore svingingar og usikkerheit langt utover det vanlege.

Pandemi og påfølgjande utfordringar med logistikk og kostnadsauke, har skapt utfordringar med å få fisken ut kundane.

Stolt-Nielsen trur heller ikkje dei usikre tidene er over.

– Eg trur kanskje det blir meir vanskeleg framover. For vår del er det iallfall usikkerheita større enn vi har sett tidlegare, seier han.

Lakseskatten bremsar omsetninga
Innføring av grunnrenteskatt har som kjent ført til ordretørke for delar av leverandørindustrien.

Lakseeksportøren merkar ringverknadene ved at det blir vanskeleg å få langsiktige avtaler om pris med oppdretterne. Årsaka er usikkerheit om korleis skatten vil slå ut i praksis.

Samtidig vil restaurant- og supermarknadskjeder ha stabile prisar. Det gjer det meir vanskeleg for sals- og foredlingsleddet å forhandla fram kontraktar.

– Difor får vi ein nedgang i omsetninga i år, sjølv med rekordhøge prisar, seier Stolt-Nielsen.

I årsrapporten for 2022 blir det påpeika at kundar i Asia blir tvungne til å orientere seg mot andre produsentland for å sikre laks og aure.

– Grunnrenta skapar ein risiko for oss som driver sal og foredling. Det er bra vi tente pengar i fjor, for vi må kalkulere med å leve med større risiko og tole svingningar i innteninga framover, slår Ocean Supreme-sjefen fast.

Fleire vil ha ferdig filet
Når det gjeld koronaeffektar, var fjoråret i større grad eit normalår, enn dei føregåande. Det gjorde mellom anna at etterspurnaden frå hotell- og restaurantmarknaden var tilbake.

Kombinert med låg, eller ingen vekst i lakseproduksjonen, førte det til rekordhøge spotprisar for laks i fjor.

Ein langsiktig trend som held fram, er auka etterspurnad etter forelda filetprodukt, gjerne i ferdige i konsumpakkar. Høgare fraktkostnader bidreg truleg til dette, ved at ein vil unngå flyfrakt av fiskeavskjer som ikkje har same marknadsverdi. Det gir også eit mindre klimaavtrykk.

Tek ut rekordutbytte
Årsrapporten for eksportselskapet viser at eigarane tok ut det største utbytte nokon gong frå selskapet. Årsmeldinga frå morselskapet er ikkje klart enno, men Stolt-Nielsen opplyser at det blir teke utbytte på 44 millionar kroner etter fjoråret frå Ocean Supreme Holding.

Stolt-Nielsen legg ikkje skjul på at ei auka skatterekning er blant årsakene til rekordutbyttet.

– Vi treng pengar mellom anna pengar til å betale skatt. Mi vurdering reint privat, er at eg nok har vore for oppteken av å bygge aktivitet og ha arbeidande kapital i selskapet.

– Det blir ein ikkje motivert til, slik utviklinga er kring skattesituasjonen i Norge for tida, legg han til.

Oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk og Stolt-Nielsen sitt eige selskap Stolten Seafood, er dei to største eigarane i eksportselskapet, med 32,2 og 27,8 prosent eigardel.

Publisert: 26.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.07.2023 21:30

Mer om