Millionstoette gjer Prodtex klar til neste steg
GLADNYHEIT: Frå venstre: Systemingeniør Vegard Kobbevik i Prodtex, dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand i Prodtex, dagleg leiar Tore Roppen i Prodtex Industri, seniorrådgjevar Mari Dorte Michaelsen i Innovasjon Norge, regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal og styreleiar Kjersti Kleven i Prodtex.
Nytt

Millionstøtte gjer Prodtex klar til neste steg

Tilskott frå Innovasjon Norge gjer at Prodtex kjøper seg inn på Fiskåholmen i Vanylven og startar automatisert «brufabrikk».

Marius Rosbach
06.04.2020
Innovasjon Norge og selskapet Prodtex kunne måndag gå ut med ei sjeldan gladnyheit ved ein improvisert pressekonferanse utandørs på Skansekaia i Ålesund.
Takka vere støtte og lån på til saman 27 millionar kroner frå Innovasjon Norge, har Ulsteinvik-selskapet teke eit avgjerande steg i retning av produksjon ved Fiskåholmen i Vanylven.
– Dette er både ei støtte til å drive industri i Norge, og utkant-Norge, men det er også eit forskings- og utviklingsprosjekt for å utvikle moderne produksjonsmetodar, fortalde Tore Roppen då dei møtte pressa måndag.
Han seier støtta frå Innovasjon Norge er heilt uunnverleg for å realisere prosjektet.

Kjem frå maritim industri

Utviklinga av produksjonsteknologien har ei kostnadsramme på kring 50 millionar. Av dette går Innovasjon Norge inn med 12,7 millionar kroner i lån og 14,4 millionar kroner i tilskott.

– For oss er dette eit relativt stort tilskott og stort prosjekt, sa regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.
Han meiner Prodtex er eit godt døme på at ein kan nytte kompetanse og erfaring frå maritim industri på nye område. Tore Roppen har mellom anna bakgrunn frå Kleven verft.
– Dei passar også godt inn ved at vi vil stimulere til innovasjon og utvikling både regionalt i distrikta. Og til slutt er offentleg-privat samarbeid eit område der vi ønsker vekst i Norge. Der er Prodtex også godt posisjonert, legg Gjerde til.

Helge Gjerde:


Skal bygge pilotbru for vegvesenet

Prodtex har utvikla ei løysing for automatisert stålproduksjon og fekk eit gjennombrott i februar då dei kapra oppdraget om å bygge ei pilotbru for Statens vegvesen.

Planen var då og leige delar av anlegget på Fiskåholmen, men med avtalen som blei presentert måndag vil dei altså kjøpe seg inn i staden.
Etter at Ulstein-gruppa la ned produksjonen for nokre år sidan, har høghallen og kaiområdet i Vanylven stått mykje ubrukt. Nye arbeidsplassar på staden vil vere eit svært kjærkome tilskott for kommunen som har opplevd stor fråflytting dei siste åra.

Les også:



Lasersveis og robotteknologi

Metoden til Prodtex er mellom anna basert på robotar til montering og sveising. I tillegg gjer ein sveisearbeid med hjelp av moderne laserteknologi.

Stålbrua dei skal bygge for vegvesenet i Åfjord i Trøndelag blir det første i sitt slag her til lands, og byggast ved hjelp av ein lasersveist sandwichkonstruksjon.
Brua blir cirka 65 meter lang og ha eit treoverbygg. Planen er å transportere seksjonane sjøvegen frå Vanylven og nordover kysten.
Selskapet har allereie sysselsett kring ti personar i Ulsteinvik, og i februar kunne dagleg leiar Tore Roppen i Prodtex Produksjon fortelje at dei hadde tilsett dei første personane som skal jobbe på Fiskåholmen.
Dei har tidlegare over Bjørnafjorden i Hordaland. Då fann dei ut at det kunne vere milliardar å spare.

Les også:



Publisert: 06.04.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55