Mindre kraft og meir pengar
Kraftproduksjonen fall, men høgare kraftprisar auka inntekt og lønsemd for Tussa-konsernet.
Resultatet før skatt frå kraftproduksjonen utgjer 55 prosent av overskotet til konsernet i 2021.
Kraftproduksjonen gjekk ned med frå 816 GWh i 2020 til 609 GWh i fjor. Når det likevel blei eit langt betre Tussa-resultat i fjor enn i 2020 skuldast det at Tussa fekk meir enn dobbelt så godt betalt for krafta i fjor. I 2021 var gjennomnittsprisen for Tussa-krafta 36 øre/KWh, i 2020 berre 15 øre/KWh.
I 2020 var så krafta så billeg at resultatet før skatt for kraftproduksjonen vart minus 19,9 millionar kroner. I 2021 var resultatet før skatt for kraftproduksjonen 86,3 millionar kroner.
Tussa foreslår eit utbytte på 47 millionar kroner etter 2021. Etter 2020 var utbyttet 44,5 millionar kroner.
Tussa as | ||
Tal i mil. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 966 | 856 |
Driftsresultat | 168 | 163 |
Resultat før skatt | 154 | 135 |
Publisert: 09.04.2022 10:51
Sist oppdatert: 09.04.2022 11:27