Minus for Fosnavaag Pelagic
STORE PLANAR: Minst 50 nye arbeidsplassar, kvitfiskmottak og heilråsdrift er planen Fosnavåg Pelagic arbeider med. 
Nytt

Minus for Fosnavaag Pelagic

Etter to år i pluss blei det underskot for Fosnavaag Pelagic i 2015.

13.09.2016
Etter konkursen i Fosnavåg Seafood starta Nils Sperre Eiendom (50,1 prosent) Vedde (29,6 prosent) , Remøy Group (10,2 prosent) og Finnmin Eiendom (10,1 prosent) ny pelagisk industri i Fosnavåg.
Både i 2013 og 2014 gjekk bedrifta med overskot, men i fjor enda det med 5,7 millionar kroner i minus for Fosnavåg Pelagic-konsernet (sjå tabell).
- Det er små marginar, er den sparsame kommentaren til 2015-resultatet frå styreleiar Kurt-Martin Jakobsen. Han seier han ikkje kan kommentere korleis det har gått så langt i år.

25 millionar

Eigarane investerte 25 millionar kroner i å få ein høgt automatisert fabrikk, som på maks fart kan filetere 2500 sild i minuttet. Fire personar er alt som trengst til å overvake sjølve fileteringsprosessen, og eitt skift er redusert frå 25 til 14-15 personar.

Eigaren er seljaren

Salet av produksjonen frå Fosnavaag Pelagic tek Nils Sperre as (eigd av Nils Sperre Eindom) seg av, medan Vedde kjøper avskjær til sin produksjon av fiskeolje og fiskemjøl.
Fosnavåg Pelagic har spesialisert seg på sild og makrell, men har og vurdert kvitfiskmottak.
- Vi held døra på gløtt for ei slik løysing, .
Kvitfiskplanane blei aktualisert i vår, og selskapet planlegg ei større utbygging.

Publisert: 13.09.2016 16:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00