- Mange snakkar, vi handlar
Havila Kystruten-sjef Bent Martini synst det er for mykje snakk, og for lite handling rundt det grøne skiftet.
- Det er mange aktørar som snakkar om kva dei skal gjere for å gjere skipsfarta utsleppsfri.
- Fleire bør slutte å snakke og heller starte å handle for å lukkast.
- Vi handlar.
Det sa direktør Bent Martini under mottakinga av 'Next generation Ship Awards' under Nor-Shipping i Oslo måndag.
Les også
Havila Capella fekk prisen på grunn av satsinga på grøn energi.
Havila Capella er eit plug-in hybridskip med verdens største batteripakke designa for passasjerskip. Batteripakken veg 86 tonn og har ein kapasitet på 6,1 megawattimar.
Havila Kystruten har investert over 500 millionar kroner ekstra for å gjere sine fire skip meir miljøvenlege.
Prisvinnaren er i stor grad eit sunnmørsk og norsk konsept. Blant anna har HAV Groups datterselskap HAV Design, HAV Hydrogen, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech alle bidratt til Havila Capella.
Snart kan vi gå heile ruta langs norskekysten på biogass
Vil bruke biogass
Det er rekna med at LNG og batteripakkar reduserer NOx-utsleppa med rundt 90 prosent og CO2-utsleppa med rundt 25 prosent.
Bent Martini seier at det ikkje skal stoppe der.
- Snart kan vi gå heile ruta langs norskekysten på biogass. Vi er klare, sa Martini, til applaus frå salen - ein sal som var samla for å diskutere omlegginga til grøn skipsfart, ei omlegging dei fleste meinte gjekk altfor tregt.
Ser på alternativ finansiering
Havila Kystruten skal etter planen gå i trafikk 10. mai med skip nummer to, Havila Castor.
Skipa er bygde ved det tyrkiske Tersan-verftet, og det er spenning knytt til om långivaren vil betale ut skipet.
Dei fire Havila Kystruten-skipa er finansierte gjennom dotterselskap til det statseigde russiske leasingselskapet GTLK.
Etter det NETT NO har grunn til å tru jobbar Havila Kystruten med alternativ europeisk finansiering, om avtalen frå GTLK ikkje vert fulgt opp.
Publisert: 04.04.2022 13:06
Sist oppdatert: 05.04.2022 00:41