Norwegian greentech hoved
VEKS: Norwegian Greentech er i rask vekst. Her deler av staben. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Auka omsetning og betre resultat

Herøybasert selskap med god inntening etter å ha satsa stort på anlegg for reinsing av ballastvatn.

04.08.2021

I 2018 omsette selskapet for beskjedne 16 millionar kroner, og gjekk så vidt i pluss.

I 2019 passerte selskapet 67,3 millionar kroner, og i 2020 vart innteninga auka til 75,3 millionar kroner.

Resultatet før skatt enda i fjor på 8,3 millionar kroner, mot 3,8 millionar året før.

Det går fram av årsrekneskapen, som nyleg blei klar.

(saka held fram etter tabellen)

Norwegian Greentech
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 75,3 67,3
Driftsresultat 8,8 5
Resultat før skatt 8,3 3,8

Europeiske kundar
Selskapet har hittil seld ballastvatnreinsesystem stort sett til norske reiarlag, men i 2020 endra dette seg. Då vart det seld reinsesystem for 27,8 millionar kroner til europeiske kundar utanfor Norge.

Selskapet er frå 1. kvartal i år ein del av børsnoterte Hav Group, som eig 77,2 prosent av selskapet. Resten er eigd av gründerane Håvard, Børge og Terje Gjelseth.

Norwegian Greentech har ein eigenkapital på 11,5 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 28,9 millionar.

Selskapet hadde ved årsskiftet 13 årsverk, mot fem året før.

Inn i havbruk
I ei pressemelding i juni opplyste selskapet at ein omorganiserer og flyttar inn i større lokale. Samstundes vert det satsa meir på service og ettermarknad.

Selskapet opplyste også at ein forventar ikkje berre å vekse innanfor system for behandling av ballastvatn, men også innan behandling av vatn om bord i brønnbåtar og reinsing av industrivatn, for eksempel på landanlegg i havbruksnæringa.

Publisert: 04.08.2021 10:51

Sist oppdatert: 04.08.2021 11:14

Mer om