Moods foerer intens kamp mot kopiar
TRAKTOR PÅ TRUSA: Moods of Norway får stadig tilsendt bilde frå turistar og kundar som har vore i utlandet og har komme over piratkopiar av Moods-plagg, som frå denne sjappa som brukar ein dårleg kopi av traktoren på trusa som lokkemiddel.  
Nytt

Moods fører intens kamp mot kopiar

Moods of Norway brukar store ressursar på å stogge kopiar av plagg frå Stryn. Kvalitetsansvarleg Hilde Eikenes Vik vil ha strengare lovgjeving.

Ivar Myklebust Longvastøl
27.01.2014
Klessuksessen frå Nordfjord, kjenneteikna av ein rosa Massey Ferguson TE20, vert kopiert i veldig mange land, og selskapet har intensivert kampen mot piratkopiering.

Skilt på butikken

- Det er ikkje uvanleg at logoen vår vert brukt som skilt på butikkar, og vi har også fått tilsendt eit bilde som viser Peder og Simen avbilda på utsida av ein butikk som selde Moods-kopiar. Då går ein ganske langt, konstaterer Eikenes Vik.
Peder Børresen og Simen Staalnacke er to av gründerane bak Moods of Norway.

Tipsa av turistar

Hovudkontoret i Stryn vert stadig kontakta av nordmenn og kundar som har vore på ferie i utlandet og blitt merksame på kopiering.
- Det starta i Europa og er framleis mest utbreidd i europeiske land, men vi får også meldingar frå andre verdsdelar, seier Eikenes Vik som har varemerke-registrering og immaterielle rettar som ein stor del av jobben sin.

Kopierer logoen

-

Kva slags kopiar snakkar vi om?
- Logoen vår – traktoren – vert brukt i veldig stor grad. Den vert brukt på plagg som er ein kopi av vår kolleksjon, men også på produkt som vi aldri har hatt. Det kan vere heilt andre kvalitetar, men stundom er det så bra gjort at det er vanskeleg for kunden å sjå om dette er ein kopi, seier Eikenes Vik.

Registrerer alt

Ho seier at selskapet gjer eit omfattande arbeid med å registrere alle former for varemerke, i form av logo, namn og slagord, slik leiaren av regionkontoret til Zacco Norway,

Overvakar nettsider

- Korleis kjempar de mot kopiering?
- Utgangspunktet er at vi har nulltoleranse for piratkopiering. Vi har fått innvilga tollkontroll, slik at viss nokon prøver å importere kopiar til Norge, så vert dei stogga. Vi overvakar spesielle nettsider, og vi samarbeider med advokatar i utlandet som fører vår sak der.
- Dette er veldig dyrt, og det tek mykje tid, men vi har ikkje tenkt å gje opp, seier Eikenes Vik.

Strengare lover

- Men er det ikkje ein håplaus kamp, eigentleg?
- Det kan sjølvsagt kjennest sånn. Vi håper at styremaktene i fleire land skal bli meir bevisste. Italia er til dømes eit land der design står veldig sterkt, og dei har ei streng lovgjeving der ein får store bøter for å kjøpe piratkopiar.
- Så kunden vert straffa?
- Ja, det er lov å selje, men ikkje å kjøpe, seier Eikenes Vik.

Kriminelle nettverk

- Piratkopiering er ein stor industri mange stader, og vi håper at det vert teke meir på alvor. Det krevst også kunnskap og haldningsendring blant kundane, då vi veit at sal av dressar, T-skjorter, hettegenserar og andre produkt er med å finansiere kriminelle nettverk. På den måten er det også eit samfunnsansvar å prøve å stogge dette, seier Hilde Eikenes Vik.
Italia er til dømes eit land der design står veldig sterkt, og dei har ei streng lovgjeving der ein får store bøter for å kjøpe piratkopiar

Publisert: 27.01.2014 06:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31