Moods of Norway kuttar i staben
FÆRRE FOLK: Moods of Norway har 431 tilsette. No skal 20 årsverk bort.
Nytt

Moods of Norway kuttar i staben

20 tilsette må slutte i Moods of Norway.

17.03.2016
Moods of Norway kuttar på alle omåde for nå målet om mellom 35 og 40 millionar kroner lågare kostnadar i løpet av 2015.
20 årssverk skal bort i Stryne-bedrifta, og nedbemanninga skjer innan design, produksjon, logistikk og marknadsføring .

Ut med sjefen og utlandet

Blant dei som forsvinn er toppsjefen, amerikanske George Santacroce, etter berre fire månader i stillinga.
Saman med han forsvinn og satsinga på å gjere Moods of Norway til eit internasjonalt motemerke.
– Vi har rett og slett ikkje pengar til å finansiere ei stor utanlandsetablering for øyeblikket, seier Jan Egil Flo til avisa. Flo er ein av gründarane av selskapet og tek over som toppsjef etter Santacroce.

Kan bli minus

Moods of Norway har vore ei pengemaskin for eigarane i fleire år, men no må ein god julehandel til for å hindre underskot i år.
Flo anslår at selskapet risikerer få eit underskot på mellom ein og fem millionar kroner i 2014.

Svakt i 2013

Overskotet for klesprodusenten Moods of Norway i Stryn blei meir enn halvert ifjor, frå 50 til 19,4 millionar kroner. Lønsemda vart dårlegare sjølv om selskapet auka driftsinntektene frå 333 til 344 millionar kroner.

Satsar på eigne butikkar

Dei 431 tilsette fekk vite om kostnadskutta i dag, torsdag 13. november.
Flo seier Moods of Norway no kjem til å redusere salet av Moods of Norway utanom eigne butikkar.

Fekk ikkje pengar

Moods of Norway har i lengre tid forsøkt å få investorar til å investere i bedrifta, slik at den mellom anna kunne satse tyngre internasjonalt.
Det har ikkje gått.
Jan Egil Flo seier til Dagens Næringsliv at dei har fått fleire tilbod, men ikkje funne nokon dei meiner passar.
- vi vil ikkje gi frå oss kontrollen over merkevara til kven som helst, seier han.

Publisert: 17.03.2016 19:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39