Mot god jordbaersesong i Valldal
TONNEVIS: Samanlikna med produksjonen i fjor har jordbærbøndene i Valldal alt levert meir enn to tredjepartar av fjorårsproduksjonen. Valldal Grønt, der biletet er teke, er bønden sitt mottaksanlegg og distribusjonssentral.
Nytt

Mot god jordbærsesong i Valldal

Bekymringane for at jordbæra måtte rotne i åkrane i Valldal på grunn av mangel på plukkarar er gjort til skamme.

24.07.2020
Så langt har Valldal Grønt tatt i mot 235 tonn jordbær frå bøndene i Valldal, som er den viktigaste delen av jordbruksproduksjonen i dalen.
Til samanlikning var det levert 252 tonn jordbær på same tid i fjor. I heile fjor vart det levert 360 tonn jordbær, slik at jordbærbøndene i Valldal allereie har fått i hus meir enn to tredjepartar av heile fjorårsproduksjonen.
- Vêrmessig ser det ganske gunstig ut, seier dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt, om sjansen til å få plukka resten av bæra.
Blir det for varmt modnast bæra raskare, slik at det blir meir krevande å få plukka alle.

Nok folk

Håkon Myklebust leverte 90 tonn jordbær i fjor, og er ein av dei største produsentane.
I år har han utvida arealet og skal, alt anna likt, kunne levere enda meir bær i år.
På grunn av koronaepidemien, og tiltaka mot den, var det bekymring for mangel på plukkarar til årets sesong. Utlendingar, med polakkar i spissen, har stått for plukkinga i fleire tiår, men i år blei det usikkert om dei kunne eller ville kome.
- Det blei mykje betre enn det eg hadde frykta, seier Myklebust.
Han har 64 plukkarar frå Polen i arbeid og tilbod om testing har gjort at dei har kunne starte med plukking kort tid etter at dei kom, i staden for å sitte i karantene først.

Nordmenn i åkeren

Då bekymringa for tilgangen på plukkarar var størst annonserte jordbærbøndene etter plukkarar som bur i Noreg og fekk over 200 søknadar.

Dei fleste jordbærebøndene enda likevel opp med å tilsette plukkarar som har kome frå utlandet.
Viktor Valldal, som driv jordbærbruk i mindre skala ved sidan av arbeid som økonomisjef på Muritunet, er den einaste som berre har plukkarar som bur i Noreg.
- Erfaringane er positive, seier han.
Men jordbærplukking er fysisk tungt arbeid, og det er skilnad kor fort ein uerfaren og erfaren sesongarbeidar kan plukke. I år var dessutan ei unntaksår, der mange sommarjobbar som norske ungdomar har hatt forsvann, slik at alternativa vart færre.
- Eg trur nok norsk ungdom i eit normalår vil foretrekke andre jobbar, seier Valldal.

Publisert: 24.07.2020 16:00

Sist oppdatert: 27.04.2021 08:39