Styret i det kriseråka seismikkselskapet går inn for ei refinansiering der ei gruppe investorar går inn med nye pengar, mykje av gjelda blir ettergitt og resten betalt ut i kontantar eller som aksjar i selskapet.
Med denne løysinga blir dagens aksjonærar, med Havila Holding som den største med 26,4 prosent eigarandel, sittande att med under ein prosent eigarskap. Långivarane kan bli eigarar av inntil 33 prosent.
Obligasjonslångivaren kjøpte seg opp i lånet tidleg i januar i år og er no største obligasjonslångivar til selskapet, ifølgje børsmeldinga.
I følgje børsmeldinga er obligasjonslångivaren som seier nei også medeigar og styremedlen i den ikkje namgitte "industrial player".
Om ikkje partane blir samde om ei løysing vil styret i Axxis truleg søkje om offentlege gjeldsforhandlingar.
Med denne løysinga blir dagens aksjonærar, med Havila Holding som den største med 26,4 prosent eigarandel, sittande att med under ein prosent eigarskap. Långivarane kan bli eigarar av inntil 33 prosent.
Kjøpte seg opp i obligasjonslån
No har ein av obligasjonslångivarane sagt nei til framlegget for styret, ifølgje ei børsmelding.Obligasjonslångivaren kjøpte seg opp i lånet tidleg i januar i år og er no største obligasjonslångivar til selskapet, ifølgje børsmeldinga.
Vil ha anna løysing
Obligasjonlångivaren som seier nei vil ha ei anna løysing enn styret tilrår, ei samanslåing med ein ikkje namngitt "industrial player". Den løysinga vil mellom anna innebere at gjeld blir gjort om til aksjar. Dagens obligasjonslångivarar og eigarar vil eige under fem prosent av selskapet om denne løysinga blir vald.I følgje børsmeldinga er obligasjonslångivaren som seier nei også medeigar og styremedlen i den ikkje namgitte "industrial player".
Om ikkje partane blir samde om ei løysing vil styret i Axxis truleg søkje om offentlege gjeldsforhandlingar.
Publisert: 29.01.2021 09:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13