Maa tore proeve for aa finne ut kva du likar
TEKNOLOGISTUDIER: Synne Stokkevåg Berg trur mange unge ikkje kjenner til kva ulike yrke går ut på, og at det kan forklare at få kvinner vel teknologifag.
Nytt

– Må tore prøve for å finne ut kva du likar

Matte var aldri Synne Stokkevåg Berg sitt favorittfag. No prisar ho seg lukkeleg over at ho likevel valte å studere til ingeniør.

Marius Rosbach
13.11.2020

Synne Stokkevåg Berg frå Ulsteinvik har teke eit val som NHO håpar fleire unge kvinner vil gjere. 20-åringen studerer for å bli sivilingeniør i kommunikasjonsteknologi og digital sikkerheit ved NTNU i Trondheim.

Ho fortel at det var ein god slump med tilfeldigheiter som gjorde at ho hamna på nettopp dette studiet.

– Matte har aldri vore mi sterke side, og eg tenkte aldri på at eg kunne bli ingeniør. I staden vurderte eg både lærar og journalistikk, fortel ho til NETT NO.

– Glad for at eg hoppa i det
Etter vidaregåande tenkte ho ta eit friår frå skule, men etter eit tips frå ein kamerat, tok ho samtidig opp realfag på Akademiet i Ålesund. At det gav gode ekstrapoeng til søking på vidare studiar, telte positivt.

– Eg hadde ein god lærar og synes det var kjekt. I dag er eg utruleg glad for at eg hoppa i det, legg ho til.

Samtidig påpeiker ho at realfag kan vere krevjande.

– Men eg har opplevd at det er veldig gøy når ein må jobbe litt ekstra for å sette seg i inn i pensum – og får det til, seier Stokkevåg Berg.

Fortalde om studievalet
Onsdag kunne 9. og 10. klassingar i heile Møre og Romsdal møte Stokkevåg Berg på nett under arrangementet «Jenter og teknologi». Målet er å rekruttere fleire kvinner til å velje teknologiutdanning.

Bakgrunnen for arrangementet er at norske bedrifter melder om eit stort behov for teknologar framover. Både tekniske fagarbeidarar, ingeniørar og realistar er etterspurt – og alle er fagområde med få kvinner.

Ulsteinvik-kvinna sitt fremste råd er at dei unge ikkje utelukkar eit yrke, eller retning, fordi ein kanskje ikkje er så god i eit fag.

– Ein må tore prøve for å finne ut kva du likar, påpeiker ho.

Annleis måte å jobbe med matte på
Sjølv gjekk Stokkevåg Berg idrettslinja på vidaregåande, og måtte difor ta fleire mattefag for å kome inn på NTNU. Ho opplevde at ho var meir motivert til å ta desse krevjande faga når ho visste kva ho skulle med dei.

No går ingeniørstudenten andre året og har oppdaga at måten dei brukar matte på, skil seg litt frå det ho var vande med.

– Å jobbe med problemløysing som vi lærar, er annleis enn eg har vore vande med. Det er viktig med forståing, i staden for å lese og pugge, seier ho.

Her oppdaga ho også at sivilingeniørstudie famnar breitt og gir mange moglegheiter.

Ettertrakta på jobbmarknaden
Retninga som Stokkevåg Berg har valt med kommunikasjonsteknologi og digital sikkerheit, gjer ho aktuell for ein rekke yrke innan datatryggleik, eit felt der det er venta stort behov for fleire folk dei neste åra.

– Vi kan både satse på utviklarjobbar med programmering, men kan også jobbe med it-sikkerheit. Det gir utruleg mange moglegheiter. Eg synes linja er kul fordi den både har breidde og gir mykje kunnskap om til dømes digital økonomi, fortel ho.

Stokkevåg Berg fortel at studentane på hennar linje er fullt klar over kor ettertrakta dei vil vere på arbeidsmarknaden om nokre år, og at mange har valt linja nettopp av den grunn.

Trur mange unge manglar kunnskap
20-åringen tør ikkje vere for skråsikker om kvifor det framleis er slik at få kvinner vel teknologiyrker. Ho trur mykje handlar om trendar og at mange rett og slett ikkje veit kva mange yrke inneber.

I møte med elevane frå ungdomsskulen på NHO-arrangementet opplevde ho at mange seier dei fekk eit meir «ekte» bilde av korleis ulike yrker er i møte med dei unge rollemodellane - samanlikna med det dei fekk vite hos rådgjevarar, eller kanskje i ei brosjyre.

– Vi jobbar mykje i prosjekt ved sidan av studiane og lærer å jobbe saman med andre. Det å få eit prosjekt til å fungere er kjempegøy, og heilt annleis enn å sitte på ein kontorstol heile dagen, seier studenten.

Nettopp det sosiale er noko av det ho trekk fram som mest morosamt ved studiet.

Les også: – It var egentlig et kvinneyrke

– Samarbeidet mellom skulane og NTNU har blitt mykje betre

Tok livet av myten om at kvinner og menn leder ulikt

Har solgt over 750 undervannsdroner - mange til Sunnmøre

Ei kvinne og 14 menn på scena


Å jobbe med problemløysing som vi lærar, er annleis enn eg har vore vande med. Det er viktig med forståing, i staden for å lese og pugge

Publisert: 13.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 15.09.2021 13:59