Lars Conradi Andersen
MJØLSTANESET: Salsdirektør Lars Conradi Andersen i Hav Group kan endeleg sjå at Rem Energy er ferdig, sju år etter planen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Nesten vemodig at skuta er ferdig

Det starta med eit supplyskip til Fafnir Offshore i 2014. Det enda som eit havvindskip til Rem Offshore sju år etter. Lars Conradi Andersen har vore med på heile turen.

20.11.2021

- Det har vore mange nedturar og frustrerande stunder. No er det likevel nesten vemodig å sjå at skuta er ferdig.

- Og for eit fantastisk skip det har vorte.

To kanselleringar
Det seier salsdirektør Lars Conradi Andersen i Hav Group. Sals- og designavdelinga har jobba med prosjektet frå starten i 2014, då islandske Fafnir Offshore bestilte skipet frå Havyard Leirvik.

Men slik gjekk det ikkje. Kontrakten vart kansellert, skroget vart først liggjande lenge i Leirvik, før det vart slept til Kleven for ferdiggjering for canadiske Atlantic Towing. Men også denne kontraktren vart kansellert, heilt til Herøy-selskapet Rem Offshore kom inn, overtok skoget og bygde skuta om til eit spesialskip innan offshore vind.

For å få til denne løysinga, strekte blant anna Eksfin og bankane seg langt.

Rem Energy dåp
DÅP: Frå venstre kaptein Kristian Strand, maskinsjef Eivind Eik, Rem-direktør Fredrik Remøy, gudmor Birthe Marie Remøy og verftsdirektør Hans Jørgen Fedog. Foto: Kjetil Haanes

Nye prosjekt
Lars Conradi Andersen seier at det har vorte eit fullblods offshore vindskip, faktisk det første som er ferddigjort på eit norsk verft til ein norsk reiar.

- Vi har saman fått til fantastisk gode løysingar.

Samstundes er skipet det tiande havvindskipet med Hav-design. Lars Conradi Andersen trur det vert fleire.

- Vi jobbar med fleire spennande prosjekt.

- I tillegg ventar vi spent på kven som får oppdraget med den nye hydrogenferja over Vestfjorden.

Rem Energy Rune Paulsen
HERØY: Rem Energy ved kai på Mjølstaneset. Snart går turen til Tyskebukta og arbeid på vindparkar. Foto: Rune Paulsen

15 år gamal gudmor
Laurdag vart Rem Energy døypt.

Gudmor var 15 år gamle Birthe Marie Remøy.

Green Yard Kleven-direktør Hans Jørgen Fedog rosa dei tilsette på verftet.

- Det har vore utfordrande å gjere båten ferdig midt under ein pandemi. Men dei tilsette og gjort ein kjempejobb, og saman med våre samarbeidspartnerar lukkast vi.

Rem Energy er samstundes den tjuande båten frå Kleven til Rem-reiarlaget.

Båten er 89,7 meter lang, 19,6 meter brei og er innreidd for 99 personar.

Rem Offshore har kontrakt i vel fire år med tysk-spanske Siemens Gamesa, der Rem Energy skal vere hotellskip og drive vedlikehaldsarbeid på vindparkar i Tyskebukta.

Publisert: 20.11.2021 15:00

Sist oppdatert: 20.11.2021 16:17

Mer om