Ei betre nettolønsordning står høgt på ønskelista hos offshorereiarlaga. Det første signalet om kva regjeringa vil gjere kjem i juli.
Det varsla næringsminister Monica Mæland, som i dag tysdag 22. april, er på bedriftsbesøk på Sunnmøre saman med statsminister Erna Solberg.
Revurderinga av nettolønsordinga kjem i samband med at regjeringa skal leggje fram ein ny og omfattande strategi for alle maritime næringar, frå skipsdesign til reiarlag. Den nye strategien skal vere klar våren 2015.
Nettolønsordninga er ei ordning der reiarlaga får tilbakebetalt skatten som er trekt frå sjøfolka si løn. Det gjer det billegare å bruke norske sjøfolk. Ordninga blei innført for å konkurrere med liknande ordningar i andre europeiske land.
Nettolønsordninga har eit tak på 180.000 kroner. Då ordninga vart innført var den omlag på line med konkurrerande ordningar, men etter kvart som lønene - og skatten - har stige har det norske taket gjort den norske ordninga mindre gunstig.
Mæland vil ikkje vere konkret om framdrifta.
- Vi skal lovfeste nettolønnsordninga, innretninga må vi komme tilbake til, seier ho.
Mæland listar opp ei rekkje felt som den maritime strategien skal omhandle; forsking og utvikling, internasjonale rammevilkår, nordområdepolitikk, miljøvenleg skipsfart, effektivisering av skipsregister og sjøfartsadministrasjon, og samordningsgevinstar mellom teknologiar, til dømes mellom offshore- og oppdrettsteknologi.
Det varsla næringsminister Monica Mæland, som i dag tysdag 22. april, er på bedriftsbesøk på Sunnmøre saman med statsminister Erna Solberg.
Revurderinga av nettolønsordinga kjem i samband med at regjeringa skal leggje fram ein ny og omfattande strategi for alle maritime næringar, frå skipsdesign til reiarlag. Den nye strategien skal vere klar våren 2015.
Nettolønsordning under lupa
- Vi sjå på fartsområdebegrensingane i NIS (norsk internasjonalt skipregiserte) og nettolønsordninga. Det er sett ned eit eige utval som skal sjå akkurat på det, og det utvalet skal levere si innstilling i juni, seier næringsminister Monica Mæland.Nettolønsordninga er ei ordning der reiarlaga får tilbakebetalt skatten som er trekt frå sjøfolka si løn. Det gjer det billegare å bruke norske sjøfolk. Ordninga blei innført for å konkurrere med liknande ordningar i andre europeiske land.
Nettolønsordninga har eit tak på 180.000 kroner. Då ordninga vart innført var den omlag på line med konkurrerande ordningar, men etter kvart som lønene - og skatten - har stige har det norske taket gjort den norske ordninga mindre gunstig.
Mæland vil ikkje vere konkret om framdrifta.
- Vi skal lovfeste nettolønnsordninga, innretninga må vi komme tilbake til, seier ho.
Ny strategi
- Korleis skal Noreg framleis ha ei verdsleiande maritim næring, spør Monica Mæland. Det skal den nye maritime strategien gi svar på.Mæland listar opp ei rekkje felt som den maritime strategien skal omhandle; forsking og utvikling, internasjonale rammevilkår, nordområdepolitikk, miljøvenleg skipsfart, effektivisering av skipsregister og sjøfartsadministrasjon, og samordningsgevinstar mellom teknologiar, til dømes mellom offshore- og oppdrettsteknologi.
Publisert: 22.04.2014 15:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32