Blank 1170 x 625
TO SYN: NHO-direktør Ole Erik Almlid åtvarar regjeringa mot å auke skattane i budsjettforhandlingane. SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski ønskjer auka skatteinntekter og eit meir omfordelande skattesystem. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

NHO-sjefen fryktar nytt skattesjokk

Er bekymra før budsjettforhandlingane til regjeringa. SV derimot, vil ha auka skatteinntekter.

01.09.2023

NPK-NTB: – Augustkonferansen er den viktigaste budsjettkonferansen. Her skal mykje planleggjast, og han blir ekstremt viktig i år etter det vi opplevde i fjor, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til E24.

– Då såg vi ei lang rekkje skattar som vart auka. Desse var uventa, vart dårleg mottekne og har påverka investorar inne og ute. Eg håpar dette har gjort inntrykk, seier han.

Ikkje trygg på Vedum
Sjølv om finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har sagt at det ikkje kjem nokon store skatteoverraskingar, er ikkje Almlid trygg.

– Det er først når vi ser det endelege statsbudsjettet at vi får avklaringa vi treng. Skattetrykket må ned, og som eit minstekrav forventar vi at det i alle fall ikkje aukar, seier han.

Han ønskjer også at regjeringa set ned arbeidsgivaravgifta.

SV vil ha meir skatt
På motsett side er finanspolitisk talsperson for SV Kari Elisabeth Kaski. Ho seier klart frå om at SV går inn i forhandlingane med regjeringa for å få gjennomslag for eit meir omfordelande skattesystem.

– Vi treng å auke skatteinntektene for å byggje ut velferda, seier ho til Klassekampen.

Ho nemner finansskatten som eit døme på ein skatt som SV ønskjer å auke.

– Bankane har utruleg høge overskot no, og det er ingen grunn til at delar det ikkje skal gå tilbake til fellesskapen, seier ho.

Publisert: 01.09.2023 08:36

Sist oppdatert: 01.09.2023 09:03