Statnett
Nytt

No er straumen billeg - varslar stram kraftsituasjon

No kostar ein kilowatt-time med straum berre 6,4 øre på Nordvestlandet. Statnett ser fleire farer.

24.05.2022

(NPK-NTB-NETT NO): Klokka 14 tysdag er det svært lave spotprisar for elektrisk kraft på området som dekker heile Nordvestlandet. Prisen er på 6,4 øre kwh, viser ferske tal frå Statnett.

Til samanlikning er straumprisen 128,48 øre per kWh sør for Sognefjorden og i resten av Sør-Norge.

I Finland og Baltikum er spotprisen endå høgare, medan store deler av Sverige ligg på 28,61 øre kWh.

I tillegg til spotprisen kjem nettleige og avgifter.

Må ha betydeleg nettoimport
Samstundes varslar Statnett at forsyningssituasjonen kan bli anstrengt i enkelte situasjonar opp mot og gjennom vinteren 2023.

I ei melding skriv selskapet at dersom det blir lågare tilsig enn normalt det kommande halvåret og ein tørr og kald vinter, viser berekningane deira at det er behov for betydeleg nettoimport til Noreg for å ha tilstrekkeleg energitryggleik fram til våren 2023.

Statnett trekkjer også fram at det er ein risiko for at Europas evne til å eksportere kraft kan påverkast dersom krigen og konflikten med Russland eskalerer ytterlegare, og det blir rasjonering på gass i Europa.

– Denne uvissa kjem i tillegg til at det alltid er ein risiko for nedetid på ein eller fleire av mellomlandssambanda.  Statnett endrar derfor vurderinga av kraftsituasjonen for Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) kommande tappesesong frå normal (grøn) til stram (gul), skriv dei.

Svak hydrologisk situasjon
Dei meiner også det er nødvendig at produsentane tek høgd for at det kan oppstå ein situasjon komande tappesesong med mindre moglegheit enn vanleg for import av kraft.

Statnett understrekar at tilgangen på kraft i Noreg er sikra i dei fleste situasjonar gjennom regulerbar vasskraft og gjennom moglegheiter for import frå landa rundt. Men at hydrologiske situasjonen i Sør-Noreg er likevel svakare enn normalt for årstida, med mindre vatn i magasina og mindre snø i fjellet i delar av Sør-Noreg.

Krigen i Ukraina har også bidrege til uvanleg høge gassprisar, samtidig som det er uvisse rundt dei langsiktige gassleveransane.

Publisert: 24.05.2022 14:15

Sist oppdatert: 24.05.2022 14:24

Mer om