Ventar rekordhøge straumprisar i sommar
Analytikar peiker på fleire grunnar til at prisane ikkje vil falle som normalt i år.
(NPK-NTB): Straumprisanalytikar Tor Reier Lilleholt spår rekordprisar på straum i sommar.
Prisane er normalt sett lågare om sommaren enn om vinteren, men Lilleholt trur krigen i Ukraina og høge gass- og kolprisar vil bidra til sesongrekord i straumpris også i sommar. I tillegg er det lite snø i fjellet.
– Det blir lagt opp til det høgaste ein har sett nokon gong. Det er venta ein pris på mellom 1,5 og 2 kroner per kWh i Sør-Noreg – utan avgifter – i sommar. Men forbruket vil jo stupe. Straumrekningane dine vil falle, men det kjem framleis til å bli ein del straumstøtte på dette nivået, seier Lilleholt til E24.
Les også
Tysdag mellom klokka 8 og 9 låg straumprisen på 2,73 kroner kilowattimen utanom nettleige og avgifter – den dyraste enkelttimen i april.
Aslak Øverås, informasjonssjef i Energi Norge, organisasjonen som representerer selskapa som produserer, transporterer og leverer fornybar energi, seier produsentane må planleggje framover.
– Kraftprodusentane disponerer vatnet i magasina slik at det skal halde gjennom heile året. Dei må også ta høgde for at det er unormalt lite snø i fjellet, og at det kjem mindre nedbør om våren. Alternativet til å halde prisane høge no, er at magasina kan gå tomme og vi kan få endå høgare prisar når vi kjem til hausten igjen, seier Øverås.
(©NPK)
Publisert: 19.04.2022 13:03
Sist oppdatert: 19.04.2022 13:11