NTB Srx 408apjc
STRAUMPRIS: Ifølgje Statnett kjem av 10 prosent av haustens høge strømprisar utenlandskablane til Tyskland og England. Illustrasjonsfoto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Nytt

Avviser at utanlandskablane har skulda

Statnett hevdar berre ti prosent av dei høge straumprisane kjem på grunn av nye utanlandskablar.

17.03.2022

Prisverknaden av dei to nye straumkablane til Tyskland og England utgjer rundt ti prosent av dei høge straumprisane sidan i haust, ifølgje Statnett.

I dei tre siste månadene i 2021 var straumprisen i snitt 126 øre per kWt. Ifølgje Statnetts utrekningar står dei to nye kablane for rundt 10 prosent av dei svært høge prisane i Noreg.

– I den offentlege debatten blir det framstilt som om dei to nye kablane er hovudårsaka til dei rekordhøge straumprisane vi har sett denne vinteren. Utrekningane våre viser at dette ikkje stemmer. Mange andre faktorar har bidrege til dei høge prisane, seier konserndirektør Gunnar Løvås i Statnett i ei pressemelding.

Gasspris viktigaste faktor
Han trekkjer fram auken i gassprisen som den aller største faktoren bak dei auka straumprisar.

I løpet av hausten 2021 og inn i vinteren mangedobla gassprisen seg, også kolprisane auka betydeleg, og kvoteprisen for CO2-utslepp er meir enn dobla. Samtidig var det lite vatn i sørnorske vassmagasin.

Ifølgje konserndirektøren er det særleg i periodar med ekstremprisar at dei nye kablane gir større effekt enn dei vanlegvis vil gi.

– Då vil prisen i Sør-Noreg uansett vere svært høg også i ein situasjon utan dei nye kablane. Historikken viser at norske og tyske straumprisar har bevega seg i takt dei siste tjue åra, lenge før kabelen til Tyskland kom på plass, seier han.

Historikken viser at norske og tyske straumprisar har bevega seg i takt dei siste tjue åra
Gunnar Løvås

Ventar periodar med import
Ifølgje Statnett vil prisverknaden av kablane bli mindre over tid, med omtrent 3–4 øre per kWt. I åra framover trur dei òg at det blir fleire periodar med import.

Det var hausten 2021 at Statnett starta prøvedrifta av den lengste undersjøiske straumkabelen i verda, North Sea Link, mellom Noreg og Storbritannia. Kablane har ein effekt på 1.400 megawatt (MW), som er meir enn Noregs største vasskraftverk.

Våren 2021 kom òg det undersjøiske kabelsambandet Nordlink mellom den norske og tyske kraftmarknaden i ordinær drift. Kabelsambandet har kapasitet på opptil 1.400 MW.

Publisert: 17.03.2022 12:12

Sist oppdatert: 17.03.2022 12:12

Mer om