I ein vert det vist til at lave oljeprisar og covid-19 vil føre til større fokus på å avvikle eller skrote olje- og gassinstallasjonar.
Selskapet anslår at den totale verdien for skrotingsprosjekt på verdsbasis fram mot 2024 er på 42 milliardar dollar.
Det vert også vist at berre 15 prosent av installasjonane i Nordsjøen har vorte skrota så langt, og at det vil verte brukt rundt 17 miliardar dollar på fjerning og skroting i Nordsjøen dei neste fire-fem åra.
Ninian og Gyda vil på sin side kunne gi kontraktar for totalt to milliardar dollar.
Mest aktivitet vil det vere på britisk sektor, der Rystad forventar at også 100.000 tonn med undervass-strukturar skal fjernast.
Rystad anslår at det i snitt vil koste 11 millionar dollar å stenge ein undervassbrønn.
Selskapet forventar også at i ei tid der oljeselskapa kuttar kostnader, vil store investeringar til skroting samstundes bety at det vert investert mindre i leiting, utviklings- og utbetringsprosjekt.
Rystad forventar at selskap som Shell, Total, Repsol og Premier Oil vil bruke meir enn 10 prosent av sine samla utgifter på aktivitetar knytt til skroting i Nordsjøen dei neste fem åra.
Om oljeprisen held seg under slike nivå, vil det også bety at det er betre å avvikle eit prosjekt enn å halde fram produksjonen med tap.
Selskapet anslår at den totale verdien for skrotingsprosjekt på verdsbasis fram mot 2024 er på 42 milliardar dollar.
Det vert også vist at berre 15 prosent av installasjonane i Nordsjøen har vorte skrota så langt, og at det vil verte brukt rundt 17 miliardar dollar på fjerning og skroting i Nordsjøen dei neste fire-fem åra.
Gyda-feltet
Rystad meiner at store skrotingsprosjekt er knytte til felta Brent, Ninian og Thistle på britisk sektor, det same med Gyda på norsk sektor. Shell sitt Brent-prosjekt er det største med ein skrotekostnad på tre milliardar dollar.Ninian og Gyda vil på sin side kunne gi kontraktar for totalt to milliardar dollar.
Mest aktivitet vil det vere på britisk sektor, der Rystad forventar at også 100.000 tonn med undervass-strukturar skal fjernast.
Brønnplugging
Plugging og nedstenging av brønnar vil utgjere rundt 45 prosent av dei totale kostnadene, medan fjerning av plattformer er forventa å utgjere rundt 20 prosent.Rystad anslår at det i snitt vil koste 11 millionar dollar å stenge ein undervassbrønn.
Selskapet forventar også at i ei tid der oljeselskapa kuttar kostnader, vil store investeringar til skroting samstundes bety at det vert investert mindre i leiting, utviklings- og utbetringsprosjekt.
Rystad forventar at selskap som Shell, Total, Repsol og Premier Oil vil bruke meir enn 10 prosent av sine samla utgifter på aktivitetar knytt til skroting i Nordsjøen dei neste fem åra.
Betre med skroting enn drift
Det vert også vist til at lave oljeprisar vil føre til meir fokus på å avvikle og fjerne olje- og gassinstallasjonar, og der 10 prosent av alle oljeprosjekt på britisk side må ha ein oljepris på over 25 dollar for å gå i pluss.Om oljeprisen held seg under slike nivå, vil det også bety at det er betre å avvikle eit prosjekt enn å halde fram produksjonen med tap.
Publisert: 28.05.2020 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57