- No tar det skikkeleg av. Det ser i alle fall svært lovande ut.
Det seier adm. dir. Karl Inge Rekdal i Sykkylven-bedrifta.
Rekdal seier at det svake resultatet skuldast at ein kostnadsførde utviklingsprosjekt for rundt to millionar kroner direkte over drifta.
- I år reknar vi med å gå rundt tre millionar kroner i pluss.
- Vi har også ein rekordstor ordrereserve på ti millionar kroner, som er mykje for vår bedrift.
Men det er produksjonen av kvilestolkonseptet MK5 som Rekdal har spesielt stor tru på.
- Dette er eit fleksibelt konsept, som gir svært god sitjekomfort, og som mange no ser på.
Stordal Møbler har allereie tatt i bruk konseptet på fleire av sine produkt. Brunstad er på gang, og fleire andre har vist interesse. Blant anna gjeld det i Tyskland.
- Ja, store tyske møbelkjeder er interesserte, seier Rekdal.
- Det er utruleg spennande, og vil fort kunne gi arbeid til mange aktørar.
- Når vi sel inn våre produkt, sel vi samstundes inn fleire av våre underleverandørar.
- Det er svært mykje å hente ved at dei ulike møbelaktørane samarbeider godt saman.
Hovedkasjonær i Sykkylven Stål er Sykkylven Stål Holding med 62,5 prosent av aksjane, og der Rekdal sjølv eig halvparten saman med fabrikksjef Lars Skog.
Resten av aksjane er fordelte på sju mindre aksjonærar.
Det seier adm. dir. Karl Inge Rekdal i Sykkylven-bedrifta.
Rekordstor ordrereserve
I fjor hadde bedrifta eit resultat før skatt på minus 0,6 millionar av ei omsetning på 47,9 millionar.Rekdal seier at det svake resultatet skuldast at ein kostnadsførde utviklingsprosjekt for rundt to millionar kroner direkte over drifta.
- I år reknar vi med å gå rundt tre millionar kroner i pluss.
- Vi har også ein rekordstor ordrereserve på ti millionar kroner, som er mykje for vår bedrift.
Nytt kvilestolkonsept
Bedifta har ei rekkje produkt, og driv både med platebehandling, rørbehandling, maskinering og overflatebehandling.Men det er produksjonen av kvilestolkonseptet MK5 som Rekdal har spesielt stor tru på.
- Dette er eit fleksibelt konsept, som gir svært god sitjekomfort, og som mange no ser på.
Stordal Møbler har allereie tatt i bruk konseptet på fleire av sine produkt. Brunstad er på gang, og fleire andre har vist interesse. Blant anna gjeld det i Tyskland.
- Ja, store tyske møbelkjeder er interesserte, seier Rekdal.
Sel inn underleverandørar
Neste veke skal han på salsturné i Skandinavia.- Det er utruleg spennande, og vil fort kunne gi arbeid til mange aktørar.
- Når vi sel inn våre produkt, sel vi samstundes inn fleire av våre underleverandørar.
Mykje å hente på samarbeid
Han seier at ein her arbeider på same måte som i den maritime klynga der kontrakter for den eine gir ringverknader for andre.- Det er svært mykje å hente ved at dei ulike møbelaktørane samarbeider godt saman.
Hovedkasjonær i Sykkylven Stål er Sykkylven Stål Holding med 62,5 prosent av aksjane, og der Rekdal sjølv eig halvparten saman med fabrikksjef Lars Skog.
Resten av aksjane er fordelte på sju mindre aksjonærar.
Det er svært mykje å hente ved at dei ulike møbelaktørane samarbeider godt saman
Publisert: 19.06.2019 05:55
Sist oppdatert: 23.06.2021 15:13