Nok å gjere no – men treng fleire oppdrag
Nye skrog er under bygging for alle Vard-verfta, men konsernet jaktar nye oppdrag for å fylle holrom og unngå permitteringar.
Verftskonsernet Vard har i oppdrag for milliardar i ordreboka til alle dei tre verfta på Nordvestlandet. Men i løpet av sommaren vil bli det nokre rolegare perioder i påvente av at dei nye skroga kjem til verfta.
– Det er plass til fleire oppdrag ved alle verfta våre, og det blir jobba for å få inn ombyggingar, eller reparasjonar i perioder då det vil vere litt rolegare, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.
Første kystvaktskrog i august
Det neste store oppdraget ved Vard Langsten etter at arbeidet med eit ekspedisjonscruiseskip er ferdig vil vere det første kystvaktskipet. Det første skroget er under bygging i Romania, og er venta til Vard Langsten i slutten av august.
Oppdraget med å bygge tre skip for det norske sjøforsvaret har ein kontraktsverdi på meir enn fem milliardar kroner.
Etter den opphavlege planen skulle skroget vore på plass før, men Vard og Forsvaret har justert framdriftsplanen som følgje av nye reglar som kom i 2019, og kravde tilpassingar.
(saka held fram under)
Kan bli arbeid ved søsterverft
Også i fjor haust var Vestnes-verftet avhengig av å fylle nokre hol i ordreboka. Konsernet løyser gjerne dette ved eit samarbeid mellom verfta, der arbeidarane kan jobbe på søsterverft. Det kan også vere aktuelt no.
Noko av den rolege periodane ved verfta vil også bli brukt til ferieavvikling opplyser Akselvoll.
Ddet første kystvaktskipet skal bli levert frå Langsten i midten av 2022. Deretter skal skip nummer to vere ferdig i første kvartal 2023 og skip nummer tre i første kvartal 2024.
Luksuscruiseskip nummer tre i rekka
Ved verftet i Tomrefjord har dei per i dag nok å gjere med eit ekspedisjonscruiseskip, som skal leverast til tyske Hapag-Lloyd Cruises.
Skipet Hanseatic Spirit er det tredje i rekka av søsterskip til same kunde. Om bord kan opptil 230 passasjerar nyte eksklusive fasilitetar over sju dekk med eige marina for vassport, spa og fitnessområde.
Rekordskip under arbeid i Søvik
Akselvoll fortel at det er høg aktivitet også ved dei to andre verfta for tida. Ved Søviknes-verftet held dei på med eit 150 meter langt cruiseskip som er mellom dei dyraste skipa Vard har bygd.
(saka held fram under)
Skipet som skal ha ein prislapp på kring 2,7 milliardar kroner, er tinga av Ponant og vil ha isbrytareigenskaper og LNG-drift, kombinert med batteri. Truleg er det berre Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip som vil koste meir, av skipa Vard har bygd. Konsernet sjølv har ikkje gått ut med kontraktsverdien.
Vard Søviknes har to store ekspedisjonscruisefartøy til Viking i ordreboka. Det første fartøyet kjem frå Romania i sommar, og det neste i januar, så det vil verte høg aktivitet på verftet igjen i haust.
Ein kan ikkje sjå vekk at det kan bli periodar med permitteringar på verfta framover
Kan bli permitteringar
I Brattvåg er arbeidarane i full sving med eit 172 meter lang spesialskip til Prysmian Group, som mellom anna vil vere i stand til å legge kablar ned til 2000 meters djupner.
– Både ved Søviknes og Brattvåg er det venta inn nye skrog til verfta i løpet av sommaren. Det kan sjå ut til å bli ei rolegare periode i vår og fram til nybygga kjem, så også her jobbar ein for å få inn reparasjonsoppdrag. Ein kan ikkje sjå vekk at det kan bli periodar med permitteringar på verfta framover , fortel kommunikasjonssjef Akselvoll.
Vard Brattvaag vil få sitt neste nybygg, ein trålar til Nergård, til kai etter ferien. Verftet har kapasitet til meir fram til ein skal ta fatt på kabelleggjaren til Van Oord, så verftet vil auke si satsing på ombyggingar og reparasjonsoppdrag framover.
På nyåret kjem nok et skrog, også det ein trålar til rederiet Framherji, som skal leverast sommaren 2021.
Publisert: 22.04.2021 05:55
Sist oppdatert: 22.04.2021 16:34