Nord Fiskarlag, som organiserar fiskebåt-eigarar og fiskarar i Nord-Noreg. er samla til ekstraordinært årsmøte i ettermiddag, for å ta stilling til ein strid som kan splitte paraplyorganisasjonen Norges Fiskarlag og føre til at Fiskebåt forlet Norges Fiskarlag.
Fiskebåt organsierer eigarane av den havgåande fiskeflåten og krev mellom anna at dei og dei to andre underorganisasjonane, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag, skal vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar ein dei to andre og kan dermed blokkere vedtak som krev to tredjedels fleirtal.
Fiskebåt krev og at Norges Fiskarlag skal ha eit vedtak om at fordelinga av fiskekvotar mellom ulike fartøy og fartøygrupper ikkje skal endrast, utan eit kvalifisert fleirtal.
No rår styret i Nord Fiskarlag til at det ekstraordinære årsmøtet seier ja til begge deler. Det ekstraordinære årsmøtet startar klokka 15:00 i dag.
Vedtak om utmelding
Dei tre regionlaga i Fiskebåt har alle gått inn for at årsmøtet i organisasjonen skal vedta utmelding på sitt møte i neste veke, men med atterhald.
Det atterhalda kan det blir bruk for no, dersom det ekstraordinære årsmøtet i Nord Fiskarlag gjer om på sitt vedtak frå det ordinære årsmøtet i fjor haust og følgjer tilrådinga frå styret.
Kompromiss
Fiskebåt sitt utgangspunkt er misnøye med Nord Fiskarlag og det Fiskebåt har oppfatta som ein politikk for å omfordele fiskekvotane til ugunst for havfiskeflåten, slik som Ap/Sp-regjeringa foreslå og fekk gjennom med den såkalla kvotemeldinga i fjor.
Då Sør-Norges Fiskarlag gjekk ut med at organisasjonen ikkje ville bli verande i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag fekk arbeidet med å finne eit kompromiss vind i segla og styret i Nord Fiskarlag kalla inn til ekstraordinært årsmøte.
Les også
No har alle regionlaga i Fiskebåt vedtatt at organisasjonen bør melde seg ut av Norges Fiskarlag.
Publisert: 03.02.2025 12:36
Sist oppdatert: 03.02.2025 12:36