Nordfjord Kjøtt
STRYN: Nordfjord Kjøtt har hovudkontor og stor produksjon i bygda Loen i Stryn. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake hamburgarar

Mistenkt kjelde for pågåande E. coli-utbrot.

08.09.2023

(NPK-NTB): Hamburgarar frå Nordfjord Kjøtt som vart trekt tilbake fredag, er mistenkt kjelde til eit pågåande E. coli-utbrot, opplyser Mattilsynet.

Nordfjord Kjøtt trekte fredag tilbake frosen Hamburger Classic, 800g, med best før-dato 24.03.24 og 25.03.24, og Big Beef Bürger Thick and Juicy, 360g, med siste forbruksdag 16.07.23.

Produkta som blir trekte tilbake, har vorte selde hos Rema 1000. Produkta er fjerna frå butikkane, men forbrukarar kan framleis ha desse heime i frysaren, opplyser Mattilsynet.

Bakteriane toler frysing, skriv dei vidare.

Utbrotsetterforskinga fortset for, om mogleg, sikkert slå fast at desse produkta er smittekjelda. Det kan på noverande tidspunkt ikkje blir avvist at andre produkt også vil bli trekte tilbake, skriv Mattilsynet.

Så langt er det meldt 15 pasientar i alderen frå under 5 år til 55 år, busett over heile landet.

– Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har innhenta informasjon frå dei sjuke personane om kva dei har ete, både heime og ute, og kva dei har vore i kontakt med. Vi har også bede pasientane om detaljar frå kvitteringar for betre å vite nøyaktig kva dei har handla, seier Catherine Signe Svindland, seniorrådgivar i seksjon biologisk mattryggleik i Mattilsynet.

Publisert: 08.09.2023 19:18

Sist oppdatert: 08.09.2023 19:18

Mer om