Nordfjordeid klar for cruise tida
VIKINGTID MØTER CRUISETID: Båtbyggjarar frå Bjørkedalen, med Ottar Kåre Bjørkedal i spissen, har stått for bygginga av det over 30 meter lange vikingskipet. I april skal det sjøsettast for ein kort test, før det får plass i det nye vikingtidsenteret Sagastad på Nordfjordeid. Planen er å ta skipet ut på sjøen ein til to gangar i året. 
Nytt

Nordfjordeid klar for cruise-tida

Om ei vekes tid er Ottar Kåre Bjørkedal og kollegane ferdig med bygginga av vikingskipet som blir den store turistattraksjonen på Eid. I mai er alt klappa og klart for eit ny tid på Nordfjordeid - cruisetida.

28.02.2019
25 prosent av 860 kroner gangar 58.000. Det er reknestykket som skapar store forventingar på Nordfjordeid om dagen.
Etter fleire års arbeid for å etablere Nordfjord som cruisehamn er cruisetida komen. Over 20 cruiseskip, med tilsaman rundt 58.000 passasjerar, skal legge til ved sentrum i årets sesong. Ein fjerdepart av desse er venta å gå i land og bruke tid på å rusle rundt i sentrumsområdet.

860 kroner er anslaget for kor mykje ein gjennomsnittleg cruisepassasjer legg att i butikkar, restaurantsr og hos andre bedrifter og attraksjonar når ho eller han går på land.
25 prosent er anslaget over kor stor andel av passasjerane ombord i skipa som kjem til å bruke tid i sentrumsområdet.
Svaret på reknestykket blir dermed over 12 millionar kroner, meir enn nok til å skape interesse hos handelsstanden.

Imponert

- Vi har ganske høge forventingar, seier Ingvill Henden om kva som blir verknaden av cruisetrafikken.
Henden eig og driv klesbutikken Vestitur på Nordfjordeid, er leiar for Eid Handel (foreininga for handelsbedriftene i kommunen) og sit også i prosjektgruppa som har planlagt korleis Eid skal ta i mot og få nytte av cruisetrafikken.
I eitt års tid har prosjektgruppa, med medlemer både frå kommunen, friviljuge organisasjonar og næringslivet, arbeidd med planlegging av korleis cruiseturistane skal takast i mot. Det handlar mellom anna om skilting og merking av vandringsrute, toalettkapasitet, reingjering, underhaldning aktivitetar og opningstider som sikrar at turistane ikkje kjem til stengte dører.
Henden rosar alle aktørane som er med for samarbeids- og innsatsvilje.
- Heilt fantastisk. Eg er heilt imponert, seier ho.

Opptur og optimisme

- Det er ein boost på Nordfjordeid om dagen, seier Inge Adelsten Engbretsen i Coco Frisør og Kaffebar.
Han og ektefellen, Berit Engebretsen, flytta i fjor haust sin kombinerte frisørsalong og kaffebar inn i større lokale i den gamle handlegata. Forventningane til cruisetrafikken var ikkje avgjerande, men det var med i vurderinga når dei valde å satse i eit større lokale, i følgje Engebretsen.
Det er investeringsvilje og optimisme på Nordfjordeid, som no ser effekten av å vere plassert midt i Nordfjord.
- Det har vore ein positiv trend her ei god stund, seier Engebretsen.

Vikingskipsenter

Kva som blir den største attraksjonen på Nordfjordeid både for cruiseturistar og andre reisande er det ingen tvil om.
Den over 30 meter lange kopien av eit oppbrent vikingskip som er funne i ei grav på Nordfjordeid skal snart flyttast frå rubbteltet der skipet er bygd og inn i det nye vikingsenteret Sagastad.

Ideen om eit vikingsenter på Nordfjordeid blei lansert tidleg på 90-talet og fekk ny fart i 2008/2009.
Eit prospekt som Stiftinga Sagastad la fram i 2014 anslår at senteret vil få 89.000 besøkande i året. Prospektet vart laga før det vart klart at det skulle bli cruisehamn også på Nordfjordeid.

Lokalt preg

Smykkekunstnar og gullsmed Kathrine Berg lar seg inspirere av landskap og lokal historie. Ho eig og driv butikken Bergart på Nordfjordeid, og er positiv til cruisetrafikken.
- Eg tenkjer at det er ei gåve til oss, seier Berg.
Ho satsar på at turistane vil ha særpreg, ikkje det sama dei kan kjøpe kvar som helst.
-Vi må ha ting som er lokalt forankra - aller helst lokalt produsert, seier ho.
Vi har ganske høge forventingar

Publisert: 28.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31