NPK-NTB-Isabel Bech og Kristian Skårdalsmo: Låg oljepris, skatteutsetjingar og fallande inntekter frå sokkelen er blant det som har snudd Noregs statsfinansar på hovudet, sa finansministeren.
– I haust budsjetterte vi med eit overskot på 255 milliardar kroner, inkludert oljeinntekter og fondsinntekter. No kan vi få eit underskot på 124 milliardar kroner, sa Sanner.
Han understreka at det også i krisetid er nødvendig å passe på pengebruken.
– Framover kan ikkje nye økonomiske tiltak berre kome på toppen av eksisterande. Nokre tiltak må vi òg trappe ned og fase ut, sa han.
– Konsekvensane av krisa blir meir alvorlege. For kvar dag som går. Til verda igjen er slik vi kjenner henne.
Han viste til tidlegare kriser, som bankkrisa i 1987 og finanskrisa i 2008 og oljekrisa fem år tilbake.
– Kor djup denne krisa vil bli, veit vi ikkje. Vi anslår at verdiskapinga i Fastlands-Noreg minskar 4 prosent i år. Men fallet kan òg bli endå djupare, sa han.
Sanner viste til at aktiviteten i næringar har stoppa opp og at éin av sju er arbeidslause.
– Denne krisa er annleis enn dei førre. Og ho er både brattare og djupare.
– Vi må òg tenkje sjølve. Vi må tenkje nytt. Og vi må tenkje høgt. Vi må utvikle nye verkemiddel.
Han viste til at regjeringa i første fase var oppteken av inntektssikring, permisjonsregelverk, utsett skatt, lånegarantiar og kontantstønad til bedrifter.
I revidert nasjonalbudsjett tysdag kom ei rekkje nye tiltak. Sanner trekte fram nye milliardar til kommunane, ein halv milliard til utdanning, tiltak på fleire hundre millionar kroner for sårbare barn og Nav og milliardstønad til Avinor og kollektivselskapa.
Han peika på målretta tiltak for vekstselskap, togselskap, luftfart, kultur, det frivillige, idrett, bryggjeri og prosessindustri.
I slutten av mai kjem ein ny krisepakke med tiltak for å skape meir aktivitet.
– Folk skal tilbake til jobben sin i privat næringsliv, ikkje bli tilsette i offentleg sektor, sa Sanner.
– Oljeinntektene skal kome fleire generasjonar til gode. Norske statsfinansar er inga sareptakrukke, sa Sanner.
Hen peika på at ein bratt nedgang hos handelspartnarane til Noreg og eit kraftig oljeprisfall rammar Noreg hardt.
– Vi har heldigvis fått smitteutbrotet under kontroll. Men når det gjeld økonomien, kan dei største prøvingane framleis liggje føre oss. Det kjem til å bli krevjande, slo han fast.
– I levetida vår har norsk økonomi stort sett segla i medvind. No har vinden snudd. Vi har fått slagside, konstaterte Sanner.
– Når heile verdssamfunnet må gjennom ein djup resesjon, er det lite draghjelp å hente ute. Mykje står og fell på oss sjølve denne gongen. Heldigvis har vi kanskje det beste utgangspunktet i verda for å lykkast. Vi har, framleis, solide statsfinansar, eit høgt utdanna folk, eit omstillingsdyktig næringsliv, gode velferdsordningar og høg tillit til kvarandre.
– I haust budsjetterte vi med eit overskot på 255 milliardar kroner, inkludert oljeinntekter og fondsinntekter. No kan vi få eit underskot på 124 milliardar kroner, sa Sanner.
Han understreka at det også i krisetid er nødvendig å passe på pengebruken.
– Framover kan ikkje nye økonomiske tiltak berre kome på toppen av eksisterande. Nokre tiltak må vi òg trappe ned og fase ut, sa han.
– Djupare og brattare krise
Finansministeren sa vidare at det kan ta lang tid før den økonomiske aktiviteten tek seg skikkeleg opp att.– Konsekvensane av krisa blir meir alvorlege. For kvar dag som går. Til verda igjen er slik vi kjenner henne.
Han viste til tidlegare kriser, som bankkrisa i 1987 og finanskrisa i 2008 og oljekrisa fem år tilbake.
– Kor djup denne krisa vil bli, veit vi ikkje. Vi anslår at verdiskapinga i Fastlands-Noreg minskar 4 prosent i år. Men fallet kan òg bli endå djupare, sa han.
Sanner viste til at aktiviteten i næringar har stoppa opp og at éin av sju er arbeidslause.
– Denne krisa er annleis enn dei førre. Og ho er både brattare og djupare.
Må tenkje nytt
Finansministeren understreka at svaret på denne krisa ikkje er å finne i tidlegare kriser.– Vi må òg tenkje sjølve. Vi må tenkje nytt. Og vi må tenkje høgt. Vi må utvikle nye verkemiddel.
Han viste til at regjeringa i første fase var oppteken av inntektssikring, permisjonsregelverk, utsett skatt, lånegarantiar og kontantstønad til bedrifter.
I revidert nasjonalbudsjett tysdag kom ei rekkje nye tiltak. Sanner trekte fram nye milliardar til kommunane, ein halv milliard til utdanning, tiltak på fleire hundre millionar kroner for sårbare barn og Nav og milliardstønad til Avinor og kollektivselskapa.
Han peika på målretta tiltak for vekstselskap, togselskap, luftfart, kultur, det frivillige, idrett, bryggjeri og prosessindustri.
I slutten av mai kjem ein ny krisepakke med tiltak for å skape meir aktivitet.
– Folk skal tilbake til jobben sin i privat næringsliv, ikkje bli tilsette i offentleg sektor, sa Sanner.
Stole på oss sjølve
Finansministeren understreka at tiltaka òg skal fasast ut ein gong, og at pengebruken må normaliserast innanfor kritstreken til handlingsregelen på 3 prosent av verdien av Oljefondet.– Oljeinntektene skal kome fleire generasjonar til gode. Norske statsfinansar er inga sareptakrukke, sa Sanner.
Hen peika på at ein bratt nedgang hos handelspartnarane til Noreg og eit kraftig oljeprisfall rammar Noreg hardt.
– Vi har heldigvis fått smitteutbrotet under kontroll. Men når det gjeld økonomien, kan dei største prøvingane framleis liggje føre oss. Det kjem til å bli krevjande, slo han fast.
– I levetida vår har norsk økonomi stort sett segla i medvind. No har vinden snudd. Vi har fått slagside, konstaterte Sanner.
– Når heile verdssamfunnet må gjennom ein djup resesjon, er det lite draghjelp å hente ute. Mykje står og fell på oss sjølve denne gongen. Heldigvis har vi kanskje det beste utgangspunktet i verda for å lykkast. Vi har, framleis, solide statsfinansar, eit høgt utdanna folk, eit omstillingsdyktig næringsliv, gode velferdsordningar og høg tillit til kvarandre.
Oljeinntektene skal kome fleire generasjonar til gode. Norske statsfinansar er inga sareptakrukke
Publisert: 12.05.2020 18:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57