Bjørnar Skjæran Å KP feb 2022 foto Ogne
VIL HA NYE REGLAR. Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Norsk løn i norske farvatn

Regjeringa med nytt lovforslag. Gjer unntak for cruise.

30.05.2022

NPK-NTB/NETT NO: Regjeringa sender no eit nytt lovforslag ut på høyring. Målet er å sikre norsk lønn til sjøfolk i norske farvatn.

Forslaget frå regjeringa slår fast at skip som seglar mellom norske hamner skal ha norske lønns- og arbeidsvilkår. Dette gjeld også dagscruise eller liknande som berre opererer ut frå éi norsk hamn, skriv NRK.

Cruise-unntak
Departementet presiserer at for cruiseskip som kjem frå eller som skal til utanlandsk hamn, gjeld kravet om norske lønns- og arbeidsvilkår berre dersom over halvparten av seglinga målt i tid skjer i norsk territorialfarvatn.

Skip i internasjonal trafikk, til og frå norske hamner, blir heller ikkje omfatta av dei nye reglane.

– Kravet om norske lønns- og arbeidsvilkår vil verne arbeidsfolk gjennom å fremje eit meir rettferdig arbeidsliv, hindre sosial dumping og motverke låglønnskonkurranse, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Nøgd LO-sjef
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er fornøgd med forslaget.

– Dette kan vere det vi treng for å løfte norske sjøfart til nye høgder og gjere det meir attraktivt for ungdom til å satse på ein karriere til sjøs, seier ho.

Administrerande direktør Harald Solberg i Noregs Rederiforbund er avventande til forslaget.

– Førebels har vi fleire spørsmål enn svar, seier Solberg og seier han er nøydd til å studere heilskapen i høyringsforslaget før han kjem med ein endeleg uttale, seier han til kanalen.

Publisert: 30.05.2022 08:39

Sist oppdatert: 30.05.2022 08:50