Norske skip dominerer miljoetoppen
MILJØVENLEG: Fjord Line si ferje Bergensfjord er verdas mest miljøvenlege skip i følgje Environmental Ship Index. Ferja har gassmotorar frå Rolls-Royce. Her under orkanen Nina i fjor haust.
Nytt

Norske skip dominerer miljøtoppen

Ni av dei ti mest miljøvenlege skipa i verda er norske. LNG-ferjene Bergensfjord og Stavangerfjord er heilt på topp, medan tre Volstad Shipping-skip er topp tjue.

16.03.2015
Det er som har identifisert dei skipa som har lavast utslepp og gitt dei poeng etter kor miljøvenlege dei er.
Heile 3.194 skip verda over har vorte undersøkte. Ni av dei ti på topp er norske. Berre eit svenskeigd skip blandar seg inn i topp ti.
Heilt på topp kjem dei LNG-drivne søsterferjene Bergensfjord og Stavangerfjord til Fjord Line.
Les sak i .

Første på gass

Dette er dei første og største cruiseferjene som går på gass. Ferjene trafikkerer strekningane Bergen - Stavanger - Hirtshals og Langesund - Hirtshals.
På dei tre neste plassane følgjer norske Seven Viking fra Eidesvik, Bergen Star fra Bergen Tankers og Normand Arctic fra Solstad Offshore. Eidesvik-reiarlaget har heile fire skip topp ti.
På plassane 17 til og med 19 finn ein Volstad Shipping-skipa Volstad Supplier, Volstad Princess og Volstad Surveyor. Dei to første er PSV-ar levert frå Aker Brattvåg i 2007 og 2008, det siste eit offshore spesialskip levert frå spanske Vigo i 2010.

50 skip over 50 poeng

Berre 50 skip skårar over 50 poeng i kåringa. Bergensfjord skårar høgast med 93,9 poeng, tett føre Stavangerfjord med 93,5 poeng.
Dei tre Volstad-skipa får alle 71,6 poeng.
For Rolls-Royce er kåringa godt nytt ettersom selskapet står bak framdriftssystema til både Bergensfjord og Stavangerfjord.

Rolls-Royce-motorar

Kvar av ferjene har fire Rolls-Royce BV12PG gassmotorar og Rolls-Royce Promas integrert ror og propellar.
I ei pressemelding frå Rolls-Royce seier teknisk direktør Morten Larsen i Fjord Line at det er klart at det er Rolls-Royce-motorane som har ført til at desse ferjene er mest miljøvenlege.
- Vi held fram med å auke effektiviteten av skipa. Vi har nyleg gått over til LED-belysning for å ytterlegare å redusere energiforbruket om bord.
Direktør John Knudsen i Rolls-Royce Commercial Marine er strålande nøgd med kåringa.
- Ein av grunnane til den høge skåren er at motorane frå Rolls-Royce Bergen berre brukar LNG og treng ikkje tilførsel av olje eller diesel for pilotoppstart av gassmotorane.

Betre vilkår

ESI-kåringa er ein del av World Ports Climate Initiative og vert brukt av hamner for å belønne reiarar som bidreg til å redusere utsleppa av klimagassar. Meininga er at dei skipa som skårar best skal få betre vilkår ved hamneanløp.
I følgje er det i Norge så langt berre Kystverket og hamnene i Oslo, Kristiansand og Stavanger som gir miljørabatt med bakgrunn i Environmental Ship Index.
Vi har nyleg gått over til LED-belysning for å ytterlegare å redusere energiforbruket om bord

Publisert: 16.03.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42