Ny aktoer inn i Hjoerundfjorden
MEIR AKTIVITET: Båtrute mellom Øye og Ålesund vil knytte Geiranger og Ålesund, via Hjørundfjorden. Dagleg leiar Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre arbeider for å utvikle tilbod som gjer den nye båtruta meir attraktiv.
Nytt

Ny aktør inn i Hjørundfjorden

Den nye båtruta på Hjørundfjorden lokkar nye aktørar.

07.02.2018
Ein ny aktør som skal tilby opplevingar til turistane er på veg inn i Hjørundfjorden på grunn av den nye rutebåten som selskapet Fjords skal sette i trafikk frå i sommar.
Det seier Tom Anker Skrede i reiselivsselskapet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Førebels kan han ikkje seie kven det er, men seier det er ein aktør som vil tilføre monaleg aktivitet.
Kombinert med ferje på Geirangerfjorden og rutebuss gjennom Norangsdalen skal båtruta Øye-Ålesund knyte saman dei to største turistmåla på Sunnmøre, og utvikle Hjørundfjorden og det øvrige området i mellom.

Møte i mars

For Fjords er tre daglege avgangar på Hjørundfjorden ei satsing som må gå i pluss frå første år, sa administerande direktør Rolf Sandvik på ein presentasjon av ruta i Ålesund i dag.

Eitt vilkår for å lukkast er at det er aktørar langs ruta som har eit tilbod til dei reisande, i følgje Sandvik.
Skrede seier Destinasjon Ålesund og Sunnmøre allereie har arbeidd med å trekkje med seg aktørar knytt til den nye ruta. I mars skal reiselivsselskapet samle aktørar i Hjørundfjorden for å utvikle tilbodet der, og knytte til seg aktørar i området.

Publisert: 07.02.2018 13:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18