Brim MS Brisen Oslofjorden foto Brim Explorer 11
TURISTTRAFIKK: Den tredje båten til Brim Explorer-reiarlaget, MS Brisen, skal gå i trafikk på Oslofjorden. Foto: Brim Explorer
Nytt

Ny Brødrene Aa-båt klar for jomfruseglas

Den første båten som skal frakte turistar utsleppsfritt på Oslofjorden, er bygd på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
11.02.2023

Brim Explorer sin tredje turistbåt er døypt MS Brisen og klar for jomfruseglas på Oslofjorden. Det kjem fram i ei pressemelding frå Acel-gruppen laurdag.

Kan segle heile dagen på batteri
Ålesund-selskapet sitt dotterselskap i Trøndelag, Haf Power Solutions, leverar framdriftssystemet og ei batteripakke med kapasitet på 800 kilowatttimar. Det svarar til kring ti Tesla-bilar og skal gjere at båten kan operere heile dagen utan behov for å lade batteria.

Ifølgje Espen Larsen-Hakkebo som er teknisk sjef i Brim Explorer, har dei utvikla ei ny drivlinje med direkte elektrisk drift på akslingen og smartare styring av elektronikken.

«Stillecruise» og fjordyoga
MS Brisen er no klar for turisttrafikk i Oslofjorden. Det batteridrivne fartøyet er bygd ved Nordfjord-verftet Brødrene Aa i Hyen og kan ta 146 passasjerar om bord.

Med batteridrift slepp passasjerane motorduren og reiarlaget skal by på «Silent Oslo Fjord Cruise», fjordyoga, middagturar og charterverksemd.

Brim MS Brisen dåp foto Brim Explorer 22
DÅP: Turistbåten som er bygd ved Brødrene Aa-verftet i Nordfjord, vart døypt MS Brisen. Foto: Brim Explorer

To første bygd ved Maritime Partner
Dei to første sightseeingsbåtane til Brim Explorer vart bygd av Maritime Partner i Breivika i Ålesund.

Nummer tre er bygd med karbonfiberskrog - som er Brødrene Aa sin spesialitet.

Dei to første Brim-båtane, som blei bygd for å operere i Nord-Noreg, kombinerte batteri-. og dieseldrift.

Publisert: 11.02.2023 16:49

Sist oppdatert: 11.02.2023 17:02

Mer om