Ny dato for børsnotering
Fredag blir likevel ikkje første handelsdag for Havila Kystruten-aksjen.
Havila Kystruten blir truleg notert ved Oslo børs sin Euronext Growth-indeks onsdag 4. august, eller tidlegare. Det opplyser selskapet i ei børsmelding torsdag ettermiddag.
Tidlegare i veka var det venta at første handelsdag for aksjen ville bli fredag. Då opplyste Oslo Børs at dei hadde beslutta å ta aksjen opp til handel,. Føresetnaden var at selskapet på tidspunktet for gjennomføringa, fylte opptakskrava til indeksen, blei det opplyst i børsmeldinga måndag.
Konstituert Havila Kystruten-sjef Arne Johan Dale fortel til NETT NO at selskapet rett og slett ikkje rakk alle aktivitetane dei skulle før fredagen.
– Difor tek noteringa litt lengre tid enn venta, legg han til.
Emisjon verdsett selskapet til 1,27 mrd.
Havila Kystruten gjennomførde i juli ein emisjon som tilførde selskapet 500 millionar friske kroner. Sævik-familien eig 60,4 prosent av aksjane etter kapitalutvidinga.
Det verdset kystruteselskapet til 1,27 milliardar kroner.
Kapitalutvidinga i juli skulle sikre nok pengar til å gjere klar og å sette i drift dei fire skipa som under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia.
(saka held fram under)
Les også
Seglar truleg i slutten av september
Leveringa av skipa har vore forseinka, først fordi byggeverftet for to av skipa fekk økonomiske problem – deretter grunna koronapandemien.
Det første av skipa, Havila Capella, får truleg første avgang frå Bergen 26.september.
Kystrutesjef Arne Johan Dale fortel at skipet no er på prøvetur ved verftet. Seinare skal det segle til Norge for sertifisering og montering av utstyr.
Dale fortel at det ikkje er nokon fastlåst tidsplan for seglasen til Norge, som vil ta kring 12 dagar.
Treng kring 120 sjøfolk
Når skipet startar opp rundturane på strekninga Bergen-Kirkenes, avgjer passasjertalet kor stor besetning som vil vere om bord.
Maksimalt kan dei trenge nær 60 sjøfolk ved fullt belegg, gonger to skift. Dale reknar med at det skal gå greitt å få folk på plass, og påpeiker at dei har hatt god tid på å førebu seg.
Sjøfolka vil i første rekke vere tidlegare Hurtigruten-tilsette, som det er inngått avtale om tidlegare. I tillegg kan det bli noko behov for nytt mannskap.
– Det er ikkje planlagd noko oppbygging av administrasjonen, men når det gjeld sjøfolka, så vil vi rekruttere etter behov, legg han til.
Fjord1 teke av børs
Onsdag var samtidig siste børsdag for eit anna Havila-eigd selskap, Fjord1. Det markerer gjennomføringa av oppkjøpet og planen om å ta selskapet av Oslo børs.
Sævik-familien som eig Havila Holding, har planar om å selje halvparten av Fjord1-aksjane til sin amerikanske partnar, som har vore med å støtte oppkjøpet av reiarlaget.
Les også
Publisert: 29.07.2021 15:40
Sist oppdatert: 29.07.2021 19:52