Tek over roret i Havila Kystruten
Skal leie reiarlaget til Martini kjem om bord.
Havila Kystruten konstituerer Arne Johan Dale som administrerande direktør, opplyser reiarlaget i ei pressemelding fredag.
Dale vert konstituert frå måndag 14. juni og fram til 9. august då Bent Martini tek til i stillinga.
Arne Johan Dale har vore finansdirektør i Havila Shipping frå 2008 og i Havila-gruppa frå april i år. Han kom til Havila Shipping frå stilling som økonomisjef i Glitnir Bank og var tidleg på 1990-talet sentral i etableringa av KredittBanken i Ålesund.
Myrvoll til Sølvtrans
Avtroppande kystruten-direktør Arild Myrvoll skal starte som finansdirektør i Sølvtrans-reiarlaget.
Han vert fristilt frå måndag 14 juni, men vil være tilgjengeleg for selskapet ei tid framover.
Myrvoll byrja i Havila Kystruten i 2018 og kom frå jobben som direktør i offshoreselskapet Rem Maritime.
(saka held fram under)
Karantene frå Hurtigruten
Bent Martini er ny administrerande direktør i Havila Kystruten. Martini gjekk i fjor haust av som driftsdirektør i Hurtigruten etter smitteskandalen der 71 personar om bord i MS Roald Amundsen fekk påvist koronasmitte.
Martini er pålagt karantene frå tidlegare arbeidsgivar, og startar hos Havila Kystruten 9. august.
Han er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten.
Publisert: 11.06.2021 11:59
Sist oppdatert: 11.06.2021 12:22