Podium: Korleis blir næringslivet påverka av regjeringsskifte?
– Om det er pengar å tene på det grøne skiftet, er eg ikkje i tvil om at sunnmøre kjem til å ta sin del av den kaka, seier Ola Berget i First House i ny podcast.
Måndag denne veka blei det arrangert budsjettseminar på Pir i Ålesund. Deltakarane fekk høyre kva ekspertane i First House meiner om regjeringsskiftet, samt at det var reaksjonar frå næringslivet i regionen.
Etterpå gjekk dei i studio og innspeling av haustens første episode av podcasten Podium.
E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?
I den nye episoden kan du høyre kva Hans-Christian Vadseth i First House og kollegaene meiner om kva endringar som er i vente på skatte- og avgifter, eksportfinansiering og ikkje minst midlar til omstilling.
Vi møter tidlegare statssekretær Ole Berget, tidlegare seniorrådgjevar i Klima- og Miljødepartementet Ragnhild Eikenes.
I studio er også Ingvild Vartdal frå Adviso Advokatfirma, administrerande direktør Håvard Haanes i Entec Group og administrerande direktør Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme.
First House-ekspertane er samde om at regjeringsskiftet inneberer nye moglegheiter med ein rekke støtteordningar kring berekraft.
Ola Berget er ikkje i tvil om at bedriftene i regionen kan nyte godt av desse.
– Om det er pengar å tene på det grøne skiftet, er eg ikkje i tvil om at sunnmøre kjem til å ta sin del av den kaka, seier han.
Ragnhild Eikenes påpeika at berekraft også vil stille auka krav til bedriftene.
Samtidig viser ho til at både fiskeri og oppdrett vil være sentrale for å sikre berekraftig matproduksjon framover – og at dette er en stor moglegheit for næringslivet både nasjonalt og i regionen.
E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?
Publisert: 20.10.2021 09:05
Sist oppdatert: 22.10.2021 11:25