Geoquip Silvretta blei bygd ved Kleven-verftet for Rem Offshore og levert i 2006. Då heitte skipet Rem Fortune.
Det er eitt av fleire fartøy som har kome til Green Yard Kleven den siste tida, og som verftet førebels ikkje ville fortelle så mykje om kva som skal skje med.
No fortel skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy at selskapet har fått jobben med å teikne om det tidlegare Rem-fartøyet frå forsyningsfartøy (PSV) til eit geoteknisk fartøy til fornybarmarknaden.
«Ombyggingen består bla. av ny ekstra innrednings modul, oppgradering av eksisterende innredning, installasjon av moonpool, ombygging av cargosystemer, nytt DP system og montering av et GMTR150t boretårn med tilhørende støttesystemer på og under dekk», skriv Marin Teknikk i ei pressemelding.
Det Sveits-registrerte selskapet Geoquip Marin eig fartøyet.
– Marin Teknikk har hatt eit langt og godt samarbeid med Green Yard Kleven gjennom mange år. Med over 40 prosjekt saman er vi veldig stolte over at vi no har fått på plass enda eit prosjekt, seier salsdirektør Richard Gjerde hos Marin Teknikk i ei pressemelding.
Han seier selskapet har fleire oppdrag som enno ikkje er offentleggjort.

I løpet av dei siste fire åra har verftet levert fleire enn 60 ombyggingsprosjekt. Tidlegare i haust sikra dei seg i tillegg eit nybyggingsoppdrag – også det i samarbeid med Marin Teknikk.
Kontrakten vil sikre god aktivitet i første kvartal neste år, opplyser Green Yard Kleven i ei melding, opplyser salssjef for retrofit Karl Johan Barstad i ei melding frå verftet.
Der blir det også opplyst at Green Yard Kleven har fire andre konverteringsprosjekt under arbeid, i tillegg til nokre oppdrag som ikkje er gjort offentleg.
Nett No skreiv tidlegare tysdag at det var heile fire skip til kai ved verftet som tidlegare har segla for sunnmørsreiarlag.
Publisert: 17.12.2024 11:01
Sist oppdatert: 17.12.2024 17:14