Torsdag opna det nye lefsebakeriet på Stranda og som i første omgang skal produsere Vestlandslefse og Li-klenning. Lefsebakeriet har til saman 20 arbeidsplasser, og til saman er det no 172 tilsette på Stranda som jobbar på lefse- og pizzafabrikkane til Orkla Foods Norge.
- Det er utruleg spennande å få lov å innvie det nye lefsebakeriet på Stranda. Med vedtaket om å flytte lefseproduksjonen hit, er målet å skape vekst i ein spennande kategori med mange utviklingsmulegheiter, seier administrerande direktør i Orkla Foods Norge, Paul Jordahl.
Jordahl seier at 35 år med pizzaproduksjon på Stranda har vore eit eventyr.
Fabrikksjefen for Orkla Foods Norge på Stranda, Hans Jostein Langelo, er godt fornøgd med fabrikken så langt. Produksjonen er no i gong, og alt har gått etter planen med bygging og også flytting av produksjonsutstyr frå Lierne.
Ifølge Langelo aukar dei no produksjonen dag for dag. Dei køyrer no to skift, men på sikt er det ett skift som vil vere gjeldande.
- Men fabrikken har kapasitet til å auke produksjonen ganske mykje.
Orkla Foods Norge har 13 fabrikkar som driv næringsmiddelproduksjon i Norge, og no er fabrikkane på Stranda blant dei fire største.
Orkla Foods Norge omsetter for ca. 5 milliarder kroner i året. Av dette er ca. 20 prosent pizza.
- Det er utruleg spennande å få lov å innvie det nye lefsebakeriet på Stranda. Med vedtaket om å flytte lefseproduksjonen hit, er målet å skape vekst i ein spennande kategori med mange utviklingsmulegheiter, seier administrerande direktør i Orkla Foods Norge, Paul Jordahl.
Kompetansesenter
Det nye lefsebakeriet på Stranda er ein del av at Orkla Foods Norge no satsar vesentleg på å bygge ut fabrikken til å bli eit kompetansesenter for all deigbasert produksjon i selskapet ifølge Jordahl.Jordahl seier at 35 år med pizzaproduksjon på Stranda har vore eit eventyr.
Stor kred til produksjonsmiljøet på Stranda
- Pizzaproduksjon har vore eit veldig viktig område for oss. Dei som jobbar her er veldig dedikert, og har veldig kred hos oss i Orkla. Dei gjer at vi føler oss trygge på produksjonen. Det er sunnmørsk sisu, og der ein alltid vil forbedre seg. Det er i tråd med Orkla sin filosofi, seier Jordahl.Fabrikksjefen for Orkla Foods Norge på Stranda, Hans Jostein Langelo, er godt fornøgd med fabrikken så langt. Produksjonen er no i gong, og alt har gått etter planen med bygging og også flytting av produksjonsutstyr frå Lierne.
Ein milepæl
- Det nye lefsebakeriet er nok ein milepæl i næringslivet på Stranda og for oss som jobbar i Orkla Foods Norge. Ikkje berre får vi to nye sterke merkevarer til bygda, men vi får også fleire bein å stå på. På sikt må målet vere at Stranda ikkje berre blir kjent som pizzabygda, men også som lefsebygda, seier Hans Jostein Langelo.Ifølge Langelo aukar dei no produksjonen dag for dag. Dei køyrer no to skift, men på sikt er det ett skift som vil vere gjeldande.
- Men fabrikken har kapasitet til å auke produksjonen ganske mykje.
Store fabrikkar på Stranda
I går var det rekordproduksjon så langt med 160.000 lefser produsert. Ifølge Orkla Foods Norge, vil det bli produsert ca. 2,7 millionar forbrukspakker av lefser ved fabrikken på Stranda per år. Lefseomsetninga ut i butikk vil ligge på rundt 83 millioner kroner i året.Orkla Foods Norge har 13 fabrikkar som driv næringsmiddelproduksjon i Norge, og no er fabrikkane på Stranda blant dei fire største.
Orkla Foods Norge omsetter for ca. 5 milliarder kroner i året. Av dette er ca. 20 prosent pizza.
Publisert: 05.11.2015 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49