Ny runde for Pelagia Nergaard
NY RUNDE: Arne Stang og Nergårdkonsernet vann første runde. Denne veka skal striden om Nergårdkonsernet sin pelagiske anlegg i Vågsøy opp i Gulating Lagmannsrett i Bergen.
Nytt

Ny runde for Pelagia/Nergård

Denne veka møtes Pelagia- og Nergård-konsernet til ny rettsak i Gulating Lagmannsrett om Nergårds pelagiske anlegg i Vågsøy.

30.05.2016
Anlegget lagar fiskeolje og fiskemjøl, og er bygd i tidligare Ulvesund Fôrmelfabrikk i Vågsøy, like ved anlegga Pelagia har for produksjon av fiskemjøl og - olje og for bearbeiding av sild, og makrell til forbrukarmarknaden.
Der har Nergård-konsernet ikkje lov å bygge eller drive eit slikt anlegg, fordi det er hefta ein konkurranseklausul til eigedomen, meiner Pelagia.
Det er ingen slik klausul, seier Nergård.

Tapte i første runde

Det var Pelagia som gjekk til sak då selskapet fekk vite om planane Nergårdkonsernet hadde i Vågsøy.
Rettsaka i Fjordane Tingrett enda med at Nergårdkonsernet fekk medhald i at dei kunne bygge og drive.

Mangla underskrift

Retten konkluderte med at det ikkje er bevist at det finnes ein klausul som hindrar Nergård i å drive fiskemjøl- og fiskoljefabrikk på eigedomen, mellom anna fordi det ikkje er eit underskrive dokument i samband med salet der klausulen er med.
Pelagia sitt syn er at vitneutsegner, epostar og møtereferat likevel dokumenterer at klausulen var ein del av avtalen då eigedomen vart seld frå det som i dag er Pelagia, til Arne Stang og Bjarte Tunold.
Stang og Tunold er i ettertid av kjøpet av eigedomen blitt store aksjonærar i Nergård-konsernet, som har blitt ein konkurrent til Pelagia.

Repetisjon av første runde

Ut frå sluttinnlegga frå begge partar går det fram at rettsaka i lagmannsretten langt på veg blir ein repetisjon av rettsaka i tingretten, der dokumentasjonen og vitna i stor grad er dei same.
Det omstridde anlegget til over 200 millionar kroner opna for vanleg drift i februar i år, og berre dårleg flyvêr hindra at det var fiskeriminister Per Sandberg som sto for den offisielle opninga.

Publisert: 30.05.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57